Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 28, 2010

Takk for i år!

Styret vil med dette ønskje alle medlemmane i Vadheim skulemusikk ein god sommar og takke for innsatsen i gjennom sesongen. Takk og til alle føresette som har stilt opp og hjelp på dugnader, med kakebaking og anna praktisk hjelp i høve ulike arrangementJ Sesongen 2009/2010 vart avslutta med korpsturen til England saman med Kyrkjebø skule- og ungdomskorps. Har du bilder frå turen som vi kan publisere på bloggen? Send dei til Jorun Systad. Oppstart sesongen 2010/2011 vert truleg torsdag 28.08.10, på Vadheim skule, same øvingstid som i år. 15. Mars 2011 fyller skulemusikken 50 år, og vi gledar oss til ein spennande ny korps-sesong. Om det skulle vere nokon som ynskjer å bytte instrument, eller ynskjer å begynne i skulemusikken, må korpset få melding om dette i god tid før oppstarten.

Dugnad på Byrkjosen

I morgon tysdag 29. juni vert det dugnad i Byrkjosen. Vi håpar å komme i mål med dugnaden som vart starta opp hausten 2009. Dei vaksne som kan delta, møter på Esso kl. 17.15. Det skal ryddast bygningsmateriale i bratt terreng. Ta kontakt med Leif Arne eller Askel for meir informasjon.

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk