Vi gler oss over at det ser ut til å bli opphaldsvær fredag på Nasjonaldagen vår. Siste øving vert torsdag 16. mai kl. 17.30 - 19.15. Då vert det masjering, is og siste finpuss før den store nasjonaldagen. Dette må sjekkast før den store dagen: Svarte sko til uniformen Uniformshatt som sit på hovudet når ein går.. Notar sett i rekkefølgje (sjå lapp frå Sjoerd) Skrue (event. strikkar som held noteklypa og marsjhefte på plass!) Blide fjes! Vi er og på jakt etter nokon som kan slå stortromme for oss i toget! Håpar nokon kan ta 1 time dugnad i marsjtakt for oss denne dagen:) No er det tid for påmelding til Sommarkurs for musikantar på Eid - "Blås i ferien" Mange musikantar ynskjer å delta i år, og av økonomiske årsaker dekker korpset halve deltakaravgifta. Gult kurs - for dei som skal begynne i 5. og 6. klasse. 27. - 30. juni på Nordfjordeid. Eigenandel: 1500,- Rødt kurs - for dei som skal begynne i 7. og 8. klasse. 1. - 6. juli på Nordfjordeid.
Hugs grasrotandelen org.nr. 985 589 178