Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 4, 2018

Musikalsk program for korpset i februar

Her er ei oversikt over vårt musikalske program i februar 2018 Basarkonsert 11. februar på Sogn Hotel  - oppmøte kl. 14.45 i full uniform. (hugs svarte sokker i skoa:)) Vi spelar følgjande: 1. Snop + aspirantar 2. Medallion Calls 3. Bad Romance 4. Doc Mac Stuffin 5. Hound Dog 6. Offshore Blues + aspiranter Følgjande noter skal være med til Spania: 1. Snop + aspirantar 2. Medallion Calls 3. Bad Romance 4. Doc Mac Stuffin 5. Hound Dog 6. Offshore Blues + aspiranter 7. Happy 8. Go ahead march

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim skulemusikk 2017

Vadheim skulemusikk har hatt sitt årsmøte og vi har lyst å fortelje om kva vi har vore med på i 2017. Året vi har lagt bak oss har vore travelt, men også lærerikt og veldig sosialt.  Kvar torsdag møtest vi til øving på skulen frå kl 18.00 til 20.00. Korpset har 10 aktive musikantar, og i 2017 hadde vi faktisk 13 aspirantar innom som fekk prøve seg på å lære å spele kornet. Dessverre mista vi tre aspirantar dette året, men heldigvis har vi allereie fått nye. Aspirantane får hos oss tidleg vere med på konsertar, for fleire var vår basar i februar første gang dei fekk vise seg. Utover året har dei også vore med på fleire konsertar. I 2017 var korpset med på til saman sju konsertar i bygda. 17.mai stilte alle opp og marsjerte stolt saman med i bygda sitt tradisjonelle 17.mai-tog. For nokre av musikantane våre var dette siste gongen dei spelte aktivt i korpset, for andre var det første gangen dei fekk oppleve å gå i uniform og henge med i marsjfarten.  Før vi tok sommarferie klarte

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk