Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2013

Tid for basar 9. februar

Godt nytt år til alle musikantar og foreldre!! Søndag 9. februar 2014 vert det  basar på Vadheim skule. Vi håper å ha bøkene ute allereie første veka i januar. Er det nokon som har gevinstar som passar for boka - ta gjerne kontakt med styret!

Juleprogram 2013

No nermar jula seg, og vi gleder oss til både julespeling og julekos!!  12. desember – Julekonsert på vadheim skule kl. 18.00 i samarbeid med kulturskulen Her skal alle musikantar, aspirantar og pianister delta. Sjoerd gjev melding til kvar enkelt om kva dei skal spele Oppmøte kl. 17.00  i svart bukse og orange genser (viss ikkje anna er avtalt med Sjoerd!) Dei som ikkje har gensar får det utdelt på konserten eller på biblioteket av Inger A. (aspirantar) Alle tek med ei lita gåve til eit julelotteri og kvar familie har med ei kake/julekaker. 13. desember – Julekonsert for kulturskulen i Høyanger kyrkje Dette er ein konsert for alle elevane som går i Høyanger kulturskule. Ein treng ikkje korpsgensar eller uniform. Den enkelte elev har fått beskjed av Sjoerd kva dei skal spele på konserten. 17. desember – Julekonsert i Vadheim bedehus kl. 19.00 Her deltek musikantar og  aspirantar. Vi spelar 2 event. 3 julesan gar Solistar til julesang saman med Vadheim musikklag.

Praktisk info og Vaimamarknad

No er det innspurt til sommarferien for alle speleglade.  Håper de alle får ein triveleg dag i Høyanger 15. juni! Foreldre har sjølv ansvar for å bringe og hente ungane til denne dagen. Overnattinga i Høyanger får vi ta til hausten J Alle møter i uniform, regnkapper, noter og noteklype. Agnethe har regnkapper, plastmapper og notestativ  til konserten ved sjukeheimen i bilen. Laurdag 22. juni vert det Vaima-marknad att i Vadheim. Det vert om lag same program som i fjor. For barna vert det og mogleg å stille med eigne salgsbord og opptre på scena. Vi treng frivillige foreldre som kan: -lage salat -bake kaker -stå i kafe - ansvar for hestesko, pilkast -rydding Ta kontakt med Jorun eller Kari og sei kva de ynskjer å bidra med!

Sangen & Musikkens Dag

Laurdag 15.6.13 i Høyanger Kl.10.30 v/museet Høyanger Skulemusikk Fagforeningens musikklag Drill show Lavik skulemusikk Kl. 10.30 sjukeheimen v/inngangen Vadheim musikklag Kyrkjebø Skule og ungdomskorps og Vadheim skulemusikk KUL-koret Alle utøvarar spelar/syng  2-3 nr. kvar. Kl. 11.45 oppmarsj Høyanger skulemusikk – frå skulen (startar presis 11.45) KSUK, Vadheim skulemusikk og VML – frå sjukeheimen (start ca.11.48) Fagforeninges Musikklag – frå rutebilstasjonen (start ca.11.50) Lavik skulemusikk og KUL Koret – frå øren hot. (start ca. 11.52) Spel i vei. Vikepliktregelen gjeld J Vi skal lage lyd, liv og røre. Still opp slik på Torget KUL- koret (stiller opp på trappa v/museet) Høyanger skulemusikk + drill, nærast trappa, front mot paviljong, osb VML,VS og KSUS + drill Fagforeningens ML Lavik skulemusikk Ca.12.10. På Torget ·         Fellesnummer av korpsa «Promotion» og «Gammel jegermarsj» Trommene må samlast når vi

Sangen og Musikkens dag 15. juni og overnatting 14. juni i Høyanger

I samband med Sangens og Musikkens dag i Høyanger laurdag den 15.juni vert det to fellesøvingar med Kyrkjebø Skule- og Ungdomskorps, Vadheim Musikklag og Vadheim Skulemusikk. Alle dei 3 korpsa har felles notar når vi masjerer saman: Gammel Jegermarsj Dixiland Strut Promotion The Red Rock March Uranus Etter oppmarsjen skal alle korpsa spele kvar sine nummer utanfor Høyanger Sjukeheim. Program for dette vert utdelt av Sjoerd. For å få til ei feiande flott forestilling treng vi øving! Har vi "solistar" frå korpset som har meldt seg til å opptre denne dagen? Første øving vert tirsdag 11.juni kl 18.00  på Kyrkjebø skule,her blir og drillen med. Andre øving vert torsdag 13.juni kl 17.30 i Vadheim. Det vert kjekt å vise folk på Kyrkjebø og Vadheim eit stort felleskorps! Her vert det mange nye sangar for dei aller minste - men vi satsar med friskt mot!  Styret i skulemusikken har planlagt ei overnatting i Høyanger Bibliotek frå 14. til 15. juni. Det vert

17. mai og sommarkurs

Vi gler oss over at det ser ut til å bli opphaldsvær fredag på Nasjonaldagen vår. Siste øving vert torsdag 16. mai kl. 17.30  - 19.15. Då vert det masjering, is og siste finpuss før den store nasjonaldagen.   Dette må sjekkast før den store dagen: Svarte sko til uniformen Uniformshatt som sit på hovudet når ein går.. Notar sett i rekkefølgje (sjå lapp frå Sjoerd) Skrue (event. strikkar som held noteklypa og marsjhefte på plass!) Blide fjes! Vi er og på jakt etter nokon som kan slå stortromme for oss i toget! Håpar nokon kan ta 1 time dugnad i marsjtakt for oss denne dagen:) No er det tid for påmelding til Sommarkurs for musikantar på Eid - "Blås i ferien" Mange musikantar ynskjer å delta i år, og av økonomiske årsaker dekker korpset halve deltakaravgifta. Gult kurs - for dei som skal begynne i 5. og 6. klasse. 27. - 30. juni på Nordfjordeid. Eigenandel: 1500,- Rødt kurs - for dei som skal begynne i 7. og 8. klasse. 1. - 6. juli på Nordfjordeid.

17. mai i Vadheim

Program for dagen: Kl. 8.00 - Vadheim Musikklag spelar i gatene Kl. 11.30 - Gudsteneste i Vadheim bedehus Kl. 12.45 - Samling ved minnesteinen. Pålegging av krans. Vadheim musikklag spelar og elevar frå Vadheim skule les dikt. Kl. 13.00 - Folketoget går i gatene. Musikklaget og Vadheim skulemusikk spelar. Kl. 14.00 - Samling på Vadheim skule: Barnekoret v/Audun Digranes Tale for dagen v/Petter Sortland Vadheim Musikklag Tadisjonelle aktivitetar Permiering kl. 17.00 Sal av rømmegraut, kaffi og kaker. Velkommen!

TID FOR BASAR!

Vi har høg aktivitet og treng inntekter til aktivitet, dirigent og enkeltøvingar i kulturskulen. Basar 3. mars kl. 16.00. Alle har vi travle kvardagar – men vi håper på at alle foreldre og musikantar kan være med å bidra. Loddsalet er godt i gang men vi treng ei runde på husa! (dei yngste treng eldre hjelparar eller foreldre) Linn og Ida - byggefeltet og Skår Annika og Christine - Vaimsdalen frå brua til skulen Mariell, Katrine og Emily – Kråkevika og Ståret, Lialandet Einar, Marcell og Alex og – Øyrane til Sanden Thea og Hilde – Kikken, Øvre og nedre Hovland Gevinstar til åresalet – Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar. (Ta kontakt om de ikkje klarer å skaffe gevinstar.) Mange gevinstar er allereie på plass på loftet! Eg går ei runde i Høyanger denne veka. Uniform – alle må sjekke uniformen før basaren! Noterte litt ”ruskete” og til dels trange uniformar på tunnell-opninga! Alle foreldre tek med ei kake på basaren. Vi har sett opp følgjande arbeidsfordeling

Årsmøte i Vadheim Skulemusikk 2013

På Vadheim Skule torsdag 28. februar kl. 18.00 Sakliste for årsmøte Opning av årsmøte v/Vadheim skulemusikk ved leiar. Godkjenning av innkalling Godkjenning av dagsorden/saksliste Val av møteleiing Val av sekretær Val av protokollunderskrivarar Godkjenning av årsmelding Godkjenning av rekneskap Godkjenning av budsjett og handlingsplan Val Enkel servering på årsmøtet. Velkommen!

Nyheitsbrev frå Vadheim skulemusikk 2013

No er korpsåret starta for fullt! Hausten 2012 Tusen takk for ein flott musikkhaust!  Amalia og Katrine har no forlatt aspirantane sine rekker for godt og er begynt i korpset.Vi fekk ingen nye aspirantar i haust, og vart difor ekstra glade då Natalie Rolland fekk kornett og plass i kulturskulen no i januar. Vi har plass til fleire aspirantar.  Vi takkar og Helene Heggenes som slutta i korpset no til jul. 16 musikantar var samla heime hjå Jorun på Hovland til julekos! Vi laga alt frå øyredobbar til juletrepynt, drakk gløgg, kakao og kosa oss. Det var veldig kjekt å vise ungane kulturprisen for 2012 denne kvelden! Ein kulturpris for god korpsånd!!  Vi har hatt ein travel haust med tunellopning og konsertar.  Det musikalske nivået på korpset stig stadig – kanskje det vert konkurranse til hausten? Kontingent Vi har ikkje sendt ut kontingent for hausten 2012. Denne kjem no i februar.  Satsane er uendra denne sesongen. 400 pr. halvår for eit barn, 350,- pr. barn ved fleire medlemmar fr

Årsmøte 2013

Vi kallar med dette inn til Årsmøte i Vadheim skulemusikk 2013 På Vadheim skule torsdag 28. februar kl. 18.00. Møtet er flytta grunna UKM og arrangement på Vadheim skule flytta til etter vinterferien. Saker til årsmøtet må være styret i hende innan 14. februar 2013. Styret i Vadheim skulemusikk

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk