Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2009

Nyheitsbrev 2009

Nyheitsbrev frå Vadheim skulemusikk 2009 Fortsatt God jul og eit Godt nytt år til alle foreldre og musikantar! Hausten 2009Tusen takk for ein flott musikkhaust! Helene har no forlatt aspirantane sine rekker og er begynt i korpset. Dei andre 6 2.-års apirantane har for første gong spelt i storkorpset i haust! Dette har vore ein ny opplevelse for mange – litt utfordring men mest moro! Konserten saman med Høyanger kulturskule var vellukka og særskildt kulturskule-delen var svært bra! Her høyrde vi at mange musikantar har hatt stor utvikling i haust! 19 musikantar var samla heime hjå Jorun på Hovland til julekos! Vi laga alt frå øyredobbar til juletrepynt, drakk gløgg og kosa oss. Avslutningskonserten no før jul i bedehuset 20. Desember er den beste vi har spelt på mange år! Sjølv om vi hadde litt forsterkingar har verkeleg korpset heva kvaliteten på musikken i haust! KontingentVi har ikkje sendt ut kontingent for hausten 2009. Denne kjem no i januar. Satsane er uendra denne sesongen. 400

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk