Høyanger Ungdomsråd, Tenesteområde oppvekst, boks 159,6991 Høyanger. Vadheim 1. april. 2009 Vadheim skulemusikk søker med dette Høyanger Ungdomsråd om kr. 5.000,- til sosiale tiltak i Vadheim skulemusikk. Skulemusikken i Vadheim er eit korps i vekst har dei siste åra gått frå 7 til over 20 musikantar og aspirantar. VI har barn og unge i alderen 7 til 15 år i korpset. Vi søker med dette støtte til å lage ei seminarhelg for skulemusikken tidleg på skuleåret 2009. Vi ynskjer å lage ei helg som ikkje berre inneheld korpsmusikk, men og andre kurs og aktivitetar som kan gjere skulemusikken attraktiv for barn og unge i bygda. Det kan være nett-publisering, baking, sang, hest og andre aktivitetar. Vi ynskjer og at seminaret skal være eit tilbod til andre korps i kommunen for å auke rekrutteringa til korps i Høyanger kommune. Jorun SystadLeiar i Vadheim skulemusikk.
Hugs grasrotandelen org.nr. 985 589 178