Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 13, 2012

17. mai 2012

              No er det klart for 17. Mai!  Dette er den viktigaste dagen for musikken. Dessverre er eg bortreist på den store dagen. Vi har ikkje fått nokon til å slå stortromma. Dette er ein jobb for ungdom/vaksne. Tromma veg over 20kg.  Håper nokon er sporty og tek jobben!! Det er sett opp følgjande marsjar som ligg klart i mappa : 1.      Napoleons marsj 2.      Red Rock March 3.      Promotion 4.      Go ahead March 5.      Ja vi elsker –  dei eldste musikantane Er det nokon som enno ikkje har sjekka at  uniforma passar, at noteklyper er tilpassa instrumentet (desse er bøyelige!), og at notane er sett inn i marsjheftet i riktig rekkefølgje? Då er det sjølvbetjening på musikkloftet. Send ein e-post om kva som mangla.  Hugs å feste noteklypa med ekstra strikkar og tørke av instrument og notar etter bruk! Oppmøte på 17. mai i hovudtoget i uniform  ved minnesteinen. Vi skal kun spele i dette toget. Oppstilling -  Jason er dirigent for dagen. Amalia

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk