Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2011

Innkalling til møte om jubileumsfeiring og tur

Musikantar med foreldre vert med dette invitert til møte torsdag 3.februar 2011, frå kl 19.15 på skulekjøkkenet. Jubileumskomiteen vil då orientere om vår plan for feiringa av jubiléet, samt planlegge arbeidsgrupper. I tillegg vil styret orientere om aktuell tur i juni. For å spare møtetid kjem her litt om kva jubileumskomitéen har planlagt: 18.mars: sosial samling på Anton Pub for både musikantar og foreldra. 19.mars: Konserten startar kl 16.00. Vi inviterer Kyrkjebø ungdomskorps og Høyanger skulemusikk til å spele saman med oss, i tillegg vert Lavik skulemusikk invitert til å spele, samt Vadheim Musikklag. Inngangsbillett barn kr 50,- / vaksne kr 100,-. Etter konserten vert det høve til å sjå på ei utstilling med bilete frå Vadheim skulemusikk si historie. Middag (Taco) vert ca kl. 18.30, høveleg pent antrekk, våre musikantar skal ikkje betale, pris for andre vert barn 4-16 år kr 50,-/vaksne kr 100,- Så har vi ein spesiell invitasjon til alle musikantane: Vi inviterer alle musikantan
TID FOR BASAR OG EKSTRA MUSIKKØVING! Vi skal på tur, feire jubileum og treng inntekter til både dirigent og enkeltøvingar. basar 13. februar 2011 kl. 16.00. Alle har vi travle kvardagar – men vi håper på at alle foreldre og musikantar kan være med å bidra. Loddsalet er godt i gang men vi treng ei runde på husa! Annika, Liv, Therese og Vibeke - byggefeltet og vaimsdalen Kaja, Ingrid og Kristin, Thea – Øyrane til Kråkevika Emily, Helene og Mariell – Sentrum og Sanden Vi søker foreldre som kan ta Dyrneslia og har moglegheiter for å selje litt lodd utanfor bygda! Ta kontakt med underteikna for loddbok! Gevinstar til åresalet – Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar. (Ta kontakt om de ikkje klarer å skaffe gevinstar.) Mange gevinstar er allereie på plass på loftet! Uniform – alle må sjekke uniformen før basaren. Siste ordinære musikkøving 3. februar kan ein bytte uniform i pausa! Alle foreldre tek med ei kake på basaren. Vi har sett opp følgjande arbeidsfordeling på basaren:Innkjøp:

Velkommen til nytt korpsår!

Vi er no i full gang med planlegging av 50-års jubileum og basar 2011. Basaren vert som vanleg på morsdagen 13. februar, medan jubileumsfesten vert 18. mars! Vi gledar oss! Har du bilder frå korpslivet ditt? Send ein kopi til Liv Heggenes. Vi håper å få til ein flott utstiling med 50 års korpshistorie i Vadheim. Sjekk og vår nye jubileumsside på Facebook.

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk