Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2010

Takk for i år!

Styret vil med dette ønskje alle medlemmane i Vadheim skulemusikk ein god sommar og takke for innsatsen i gjennom sesongen. Takk og til alle føresette som har stilt opp og hjelp på dugnader, med kakebaking og anna praktisk hjelp i høve ulike arrangementJ Sesongen 2009/2010 vart avslutta med korpsturen til England saman med Kyrkjebø skule- og ungdomskorps. Har du bilder frå turen som vi kan publisere på bloggen? Send dei til Jorun Systad. Oppstart sesongen 2010/2011 vert truleg torsdag 28.08.10, på Vadheim skule, same øvingstid som i år. 15. Mars 2011 fyller skulemusikken 50 år, og vi gledar oss til ein spennande ny korps-sesong. Om det skulle vere nokon som ynskjer å bytte instrument, eller ynskjer å begynne i skulemusikken, må korpset få melding om dette i god tid før oppstarten.

Dugnad på Byrkjosen

I morgon tysdag 29. juni vert det dugnad i Byrkjosen. Vi håpar å komme i mål med dugnaden som vart starta opp hausten 2009. Dei vaksne som kan delta, møter på Esso kl. 17.15. Det skal ryddast bygningsmateriale i bratt terreng. Ta kontakt med Leif Arne eller Askel for meir informasjon.

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Notar for Englandsturen

Notar som skal brukast på Englandsturen: Let's twist again Summer nights Blå ballong Hit the road Jack Dancing Queen Puppet on a string Napoleons March Red Rock March Uranusmarsj Jupitermarsj Alle notar skal ligge i plastmappe! Manglar du notar! Kom på biblioteket i Vadheim i morgon kl. 15.00 - 16.00.

Program for Scarborough Band Festival 2010 Kyrkjebø og Vadheim skule- og ungdomskorps

Torsdag 17/6/10 07.50 Ankomst Londoin Gatwick Airport Flight DY1316 . Reise med buss og guide til Scarborough, kort stopp underveis med mulighet for kjøp av forfriskninger. Ankomst på pensjonatet. Fredag 18/6/10 10.15UNIFORMER: Spasertur fra pensjonat med guide til shopping senteret på hjørnet av Vernon Road og Westborough for utendørs gatekonsert Vi hjelper vi til med transport av instrumentene. En gruppeleder må sitte på med bilen og instrumentene 11.00-11.30Gatekonsert Fritid i Scarborough. Besøk f.eks Sea Life Cente, Scarborough Castle, South Bay Tivoli eller dra på shopping! 18.15 UNIFORMER: Spasertur fra pensjonat med guide til Grand Hotel, St Nicholas Cliff for innendørs konsert. Vi hjelper vi til med transport av instrumentene. En gruppeleder må sitte på med bilen og instrumentene. 19.50Kveldskonsert på Grand Hotell Lørdag 19/6/10 09.00Avreise fra pensjonatet; tur til York med buss og guide. Muligheten til å besøke The Minster (katedralen). Gave til katedralen ungd. £3, Voks. £

Referat frå foreldremøte tysdag 8. Juni 2010 vedkommande felles korpstur til Scarborough

Representantar frå styra i korpsa frå Vadheim og Kyrkjebø hadde fellesmøte 25.05 på Kyrkjebø, der ein bestemte seg for å ta opp og informere om litt praktiske ting vedkommande korpsturen på eit fellesmøte for begge korpsa. Jorun Systad, leiar i Vadheim skulemusikk leia møtet, med Anne Merethe Førde, leiar i KSUK, som sidekommentator Målet med dette møtet var å gje litt informasjon om korpsturen til Scarborough 17. – 21. Juni. Lommepengar på turen:Dei aller fleste har med foreldre. Det er nokon som reiser utan, og dei bør ha med seg litt lommepengar. Vi har rekna med at det kan fort gå litt pengar. Vi tilrår at ungane har med seg ca. 200 kr. Pr dag/ca. 1000,- for 5 dagar. Men det er heilt opp til foreldra kor mykje ein vil sende med dei. Vi ynskjer at dei som reiser utan foreldre, kan avtale med ein av dei vaksne som er med på turen om å passe på kontantar og evt kort. Det kan vere lurt å ta med seg litt pund til første dagen. Allergiar:Anne Merete/Jorun må få ei skrifteleg melding om a

Siste øving og konsert i Vadheim

Englandsturen nermar seg og i morgon vert det øving(siste før Englandsturen) kl. 18 på vadheim skule. Øvinga startar samstundes som foreldremøte. Vi har enno ikkje fått tilsendt det endelege programmet men her er "Vaima-kåken" i Scarbourogh! Tudor House Oppmøte 17.30 for foreldre og ungar Vi treng hjelp til å rydde på plass stolar til korpset og konserten. Øvinga er og siste sjanse til å få med: Notestativ notar mappe til notar kvit skjorte sløyfe Event. svart bukse Alle som skal være med på turen leverer inn ein kopi av passet.

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk