Gå til hovedinnhold

For nye medlemmar

Vadheim skulemusikk har no eksistert i snart 50 år. Dei siste 10 åra har vore tunge for korpset med stor gjennomtrekk og til tider få musikantar. 2003 vart eit skilje. Det vart tatt opp mange nye aspirantar, og korpset består no av 21 flittige musikarar.  Korpset har dei siste åra hatt stabile medlemstal.
Eit skolekorps må nemlig ha nye musikantar for å fornye og utvikle seg. Korps er eit interessant og godt tilbod for barn og ungdom i alderen 7-18 år. Det blir mange positive opplevingar gjennom samspel, samvær med jamaldringar, på turar og i andre aktivitetar, og alle som har lyst til å spele et instrument får lov til å være med! Miljøet er rusfritt og stabilt, og alle får ein interessant og variert musikkopplæring gjennom alle åra de deltek i korpset.

Kva slags tilbod er skolekorpset for barnet mitt?

Musikk er eit av mennesket sine viktigaste utrykksformer. Det skjer heile tida noko skapande kvar gang menneske kjem saman for å spele musikk, og dette er noko heilt anna enn den passive gleda det kan være å berre lytte til musikk. Å skape musikk saman med andre menneske utviklar sosiale eigenskapar som evne til å kommunisere, kommunikasjon, evne til samarbeid, sjølvdisiplin og ikkje minst vil det å skape musikk under kyndig leiing bidra til å gje barn og unge ein positiv sjølvkjensle som kan komme godt med seinare i livet. Nyare forsking viser no at ferdigheitar som lesing, skriving og matematikk betrar seg når barn får systematisk opplæring i musikk og andre kunstformer. Ei av de største fordelane ved medlemskap i korps, er nemlig den utviklingsprosessen som barn og ungdom går gjennom når de lærer å spele eit instrument.

Krev ikkje korps mye oppfølging av foreldra?

Et korps som Vadheim Skolemusikk har totalt ein liten aktivitet med ca. 15 medlemmer. Samanliknar vi oss med det å ha eit barn som spelar fotball i serien så har den enkelte familie imidlertid ikkje så svært mykje å frykte, for den "pålagte" innsatsen vil neppe utgjere meir enn ca. 10-15 timer gjennom heile året. Men selvfølgelig er det alltid behov for å hente og bringe barn og ungdom til øvingar, spilleoppdrag i nærmiljøet osv, men ikkje meir enn det ein vil oppleve i anna ungdomsarbeid.

Korpset sin økonomi baserer seg på eit viktig inntektsbringande arrangement gjennom hele året, og det er basaren på seinvinteren. I tillegg kjem kulturmidlar, dugnad og liknande.

Det er etter vår meining viktig at barn og ungdom kan få høve til et variert fritidstilbod med noko for åndelig utvikling, noko for fysisk utvikling gjennom oppvekståra. Det er imidlertid ikkje til å unngå at det blir kollisjonar mellom dei forskjellige aktivitetane, og så sant det ikkje dreier seg om konsert eller speleoppdrag, finn vi som regel fram til ordningar som tilfredstiller dei fleste. Korpset prøver derfor å ha planlagt så godt som alle aktivitetar tidlig ved sesongstart for å unngå overraskande kollisjonar med andre aktivitetar i lokalmiljøet.

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk