Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2014

Kom igjen – bli med!

For alle   i 2. – 5. klasse som har lyst til å prøve eit instrument Vadheim Skulemusikk har gratis aspirantkurs på kornett i januar – februar 2015.  Instruktør  er Jason Burn. Øvinga vert rett etter skuletid mandag eller tysdag. Tilbodet er gratis, og kvar deltakar vil få ein ”fadder” i korpset. Å spele i korps gjev mange positive opplevingar gjennom samspel,samvær med jamaldringar, på turar og i andre aktivitetar, og alle som har lyst til å spele eit instrument får lov til å være med! Påmelding til Jorun Systad (97998980). Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen

Basar 8. februar

God jul til alle musikantar og foreldre!! Søndag 8. februar 2015 vert det  basar på Vadheim skule. Vi håper å ha bøkene ute tidleg i januar. Er det nokon som har gevinstar som passar for boka - ta gjerne kontakt med styret! Vi har starta arbeidet med å samle inn gevinstar.

Juleprogram 2014

No er advent her, og vi gleder oss til julespeling og julekos!!  6. desember – Opning av julemarknad kl. 11.00 – 11.30 Denne dagen er det julemarknad i kjellaren på doktorhuset. Skulemusikken skal være med å opne arrangementet. Her held det med ei   Nisselue   og litt ekstra fregner for dei som likar litt pynt.  Vi spelar julesangar frå julehefte. 8. desember – Julekonsert i Vadheim bedehus kl. 19.00 Her deltek musikantar og  aspirantar og spelar 2  - 3 julesan gar  . Solistar til ”julesang” saman med Vadheim musikklag ( solistane møter på øving 3. dsember med musikklaget.) Oppmøte kl. 18.00 i orange genser og svart bukse. 11. desember – Julekonsert på vadheim skule kl. 18.00 i samarbeid med kulturskulen Her skal alle musikantar, aspirantar og pianister delta. Sjoerd gjev melding til kvar enkelt om kva dei skal spele Oppmøte kl. 17.00    i svart bukse og orange genser (viss ikkje anna er avtalt med Sjoerd!) Dei som ikkje har gensar får det utdelt på konserten

17. mai i Vadheim 2014

08.00  Vadheim musikklag spelar i gatene 11.30 Gudsteneste i Vadheim bedehus 12.45 Samling ved minnesteinen ( Alle musikantar og aspiranter møter)           Pålegging av krans.           Vadheim musikklag spelar           Elevar frå Vadheim skule les dikt 13.00 Folketog           Vadheim Skulemusikk og Vadheim musikklag spelar. 14.00 Samling på Vadheim skule           Skuleelevane syng - m/dirigent Beate Kjølstad           Tale for dagen v/Åge Sagen           Vadheim musikklag           Utstilling - "Gamle Vadheim"           Tradisjonelle aktivitetar           Premiering etter aktivitetane 17.00           Sal av rømmegraut, kaffi og kaker. 20.00 Dans på Vadheim hotell           "Rett & Slett" spelar.           20.00 - 22.00 for alle           Etter kl. 22.00 berre vaksne           Bill: Vaksne kr. 50,- og Barn kr. 30,-. Velkommen til 17. mai-feiring i Vadheim

Marsj- og uniformstid

Torsdag 8. mai har vi fått eit speleoppdrag av Vadheim Pensjonistforening (betalt til og med!) Musikantane møter på Vadheim skule kl. 14.30 med instrument. Sjåfører til Tangen: Jorun, Lillian (Skulle gjerne ha hatt 2 til) Det vert servert litt drikke og frukt før avreise. Musikantane møter utan uniform, men med instrument og gode sko. Musikantar som går Høyanger skule går av bussen på Vadheim skule denne dagen) Vi skal marsjere frå krysset opp til Markeset) til skyttarhuset. Alle musikantar og aspiranter møter opp. William og Ariana treng uniform: -eg håpar alle sjekkar uniformane sine denne veka.. -vi hadde problemer med å få alle ””uniformert” til basaren. Den siste øvinga før 17. mai – 15. mai må truleg flyttast til 14.30. -Vi har 3 gode fotballjenter som er opptatt med kamp denne dagen.. -Så er det Emily som ikkje er heime før 15.30… Sommarkurs: - fristen for meg å melde på musikantar til sommarkurs på Eid er 15. mai. -     

Tid for basar

TID FOR BASAR! Vi  har høg aktivitet og treng inntekter til instrument, dirigent og enkeltøvingar i kulturskulen. Basar 9. februar kl. 16.00 .  Alle har vi travle kvardagar – men vi håper på at alle foreldre og musikantar kan være med å bidra. Loddsalet er godt i gang men vi treng ei runde på husa! (dei yngste treng  eldre hjelparar eller foreldre) Linn og Christine  - byggefeltet og Skår Annika, Nathalie og Amalia- Vaimsdalen frå brua til skulen Mariell, Katrine og Emily – Kråkevika og Ståret, Lialandet, fjellet. Einar, Marcel og Alex og – Øyrane til Sanden Thea og Hilde – Kikken, Øvre og nedre Hovland Johanne, William og Ariana må gjerne være med J Gevinstar til åresalet – Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar. (Ta kontakt om de ikkje klarer å skaffe gevinstar.) Kaker – Alle foreldre tek med ei kake på basaren. Vi treng: -           1 stor sjokoladekake – Kari -           Suksess-terte ? -           Bløtkake - Heidi -           Marsjepankak

Årsmelding 2013-2014

  Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning: Musikantar                           Start år: Emily Vik                               (2004) Annika Beinnes                      (2007) Mariell Vik Fureli                   (2008) Einar Systad Rødland            (2008) Thea Grymyr Ljotebø            (2008) Aleksander Burn                    (2008) Linn Værøy                           (2009) Ida G. Solheim                      (2009) Hilde Hovland                       (2010) Christine Beinnes                   (2010) Katrine Fureli                        (2010) Marcel Madro                       (2011) Amalia Burn                          (2011) Nathalie Rolland                    (2012) William Rolland                     (2013) Johanne Axelsson                  (2013) Ariana Hjelmeland Rasdal     (2014) Dirigent: Sjoerd Tolsma Styret i Vadheim skulemusikk: Leiar               Jorun Systad Nestleiar         Arild Ullebø Kasserar      

Årsmøte 2014

På Vadheim Skule torsdag 30. januar  kl. 18.00   Opning av årsmøte v/Vadheim skulemusikk   Sakliste for årsmøte 1.      Godkjenning av innkalling 2.      Godkjenning av dagsorden/saksliste 3.      Val av møteleiing 4.      Val av sekretær 5.      Val av protokollunderskrivarar 6.      Godkjenning av årsmelding 7.      Godkjenning av rekneskap 8.      Vedlikehald av instrument 9.      Godkjenning av budsjett og handlingsplan 10. Val Enkel servering på årsmøtet. Velkommen!

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk