Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2009

Dugnad 14. - 15. august

14. august kl. 17.00 - 20.00 vert det dugnad på Byrkjosen kraftverk for Småkraft AS. Det skal ryddast gammalt byggemateriale og halve oljefat. Leif Arne Fureli organiserer sjølve dugnaden. Det er ikkje farleg terreng - arbeidet passar og for ungar i skulealder. Vi må prøve å skaffe ein 4-hjuling til frakting ned til hovudveg. Vi treng at så mange som mogleg er med på dugnaden!! Ta med nistemat og bli med. Ta kontakt med Jorun eller Leif Arne viss du treng skyss.

Styremøte 7. juli 2009

Til stades: Heidi Beinnes, Leif Arne Fureli, Randi Norevik og Jorun Systad Fråværande: Astrid Solheim Sakliste: 1. Skriv og meldingar - Det er sendt rettingar til Brønnøysundregisteret som no er registrert. - Jorun sender inn rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet. - Grasrotandelen - Vadheim skulemusikk har til no fått inn 1819,20 kr. - Dirigentkontrakt med Høyanger kulturskule og Sjoerd Tolsma for kommande skuleår er signert. 2. Korpset har fått melding om to nye aspirantar: Linn Værøy og Johanne Axelsson. Det kan være fleire som er innmelde i kulturskulen som aspirantar. Korpset har fått ei utmelding for hausten 2009. 3. Dugnad på Byrkjosen kraftverk v/Småkraft Høyanger skulemusikk tek på seg å gjennomføre dugnad 13. - 15. august 2009. Det skal ryddast byggemateriale og halve oljefat. Leif Arne Fureli organiserer sjølve dugnaden. Ikkje farleg terreng - arbeidet passar og for ungar i skulealder. Vi må prøve å skaffe ein 4-hjuling til frakting ned til hovudveg. 7-8 personar 3 kveld

Årsmelding for Vadheim skulemusikk 2007-2008

Årsmelding for Vadheim skulemusikk 2007-2008 Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning: Musikantar Start år: Amalie Dalheim Hovland (2001) Guro Systad Rødland (2002) Liv Norevik Heggenes (2002) Sivert Støfringsdal (2004)Kaja Ullebø (2004) Emily Vik (2004) Harald Norevik Heggenes (2004) Talia Indrebø Mellebye (2006)Kristin Løbø Solhaug (2006)Ingrid Systad Rødland (2006) Henrik Klævold Heggenes (2006) Aspirantar: Ola Ullebø (2007) Helene Klævold Heggenes (2007)Annika Beinnes (2007) Therese Sleire Birkås (2007) Dirigent: Sjoerd Tolsma Styret i Vadheim skulemusikk: Leiar Jorun Systad Nestleiar Leif Arne Fureli Kasserar Randi Norevik Sekretær Arnvid Hovland Styremdl/Matr: Petra Haram Vara Ari

Forslag til handlingsplan 2009-2010

September: Enkeltøving med aspirantar ved Sjoerd startar ved skulestart Enkeltøving med messinginstrument/trommer tysdag - torsdag Fellesøving for korpset kvar onsdag med Sjoerd Seminar i samarbeid med andre skulekorps i kommunen Oktober : Årsmøte på Vadheim skule November : Planlegging av julekonsert og juleavslutning Desember : Julekonsert på Vadheim skule. Planlegge øvingar med eit ”samla” (med aspirantar) korps i januar Januar: Starte opp med fellesøving att. Avgjere kva stemne/tur korpset skal reise på til sommaren. Februar : Seminar for å forberede til basar Basar på morsdagen Mars : Sangens og musikkens dag i Vadheim April : Sosial aktivitet (Bowling, bading …) Marsjtrening/musikkøving Mai : Marsj/musikkøving Speling i toget 17. mai med aspirantane Juni: Bestilling av dirigentstimar til korps og aspirantar. Event. musikkstemne og skuleavslutning August: Oppstart med korps og aspirantar ved skulestart

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk