Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2009

Søknad om støtte til barne- og ungdomsføremål

Høyanger Ungdomsråd, Tenesteområde oppvekst, boks 159,6991 Høyanger. Vadheim 1. april. 2009 Vadheim skulemusikk søker med dette Høyanger Ungdomsråd om kr. 5.000,- til sosiale tiltak i Vadheim skulemusikk. Skulemusikken i Vadheim er eit korps i vekst har dei siste åra gått frå 7 til over 20 musikantar og aspirantar. VI har barn og unge i alderen 7 til 15 år i korpset. Vi søker med dette støtte til å lage ei seminarhelg for skulemusikken tidleg på skuleåret 2009. Vi ynskjer å lage ei helg som ikkje berre inneheld korpsmusikk, men og andre kurs og aktivitetar som kan gjere skulemusikken attraktiv for barn og unge i bygda. Det kan være nett-publisering, baking, sang, hest og andre aktivitetar. Vi ynskjer og at seminaret skal være eit tilbod til andre korps i kommunen for å auke rekrutteringa til korps i Høyanger kommune. Jorun SystadLeiar i Vadheim skulemusikk.

Kjøp av dirigent-timar 2009/10

Til Høyanger kommune V/Kulturskulen Vi takkar for godt samarbeid i året som har gått. Vadheim skulemusikk har svært gode erfaringar med Sjoerd Tolsma som dirigent, og håpar vi får behalde han og i 2009/2010. Sjoerd har erfaring og kunnskap om messinginstrument, noko som vi ser som ein forutsetnad for å dirigere skulekorpset. Han har og god erfaring med musikkopplæring av unge elevar. Sidan vi er eit lite korps, vil vi og i året som kjem søke meir samarbeid med andre korps i kommunen. Vi ynskjer å behalde torsdag som øvingsdag sidan det har vist seg å være mest praktisk for musikantane. Vi ser at Kyrkjebø skule- og ungdomskorps har svært god erfaring med eit aspirant-gruppe og ei ungdoms-gruppe. Vi har ikkje tilgang til liknande lærekrefter, men ynskjer oss ei todelt musikkøving der aspirantane deltek på halve musikkøvinga. Korpset skal til helga på korpstur saman med Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Høyanger skulekorps, og har i vår hatt 5 fellesøvingar med dei andre korpsa. Dette k

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk