Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2009

Nyheitsbrev 2009

Nyheitsbrev frå Vadheim skulemusikk 2009 Fortsatt God jul og eit Godt nytt år til alle foreldre og musikantar! Hausten 2009Tusen takk for ein flott musikkhaust! Helene har no forlatt aspirantane sine rekker og er begynt i korpset. Dei andre 6 2.-års apirantane har for første gong spelt i storkorpset i haust! Dette har vore ein ny opplevelse for mange – litt utfordring men mest moro! Konserten saman med Høyanger kulturskule var vellukka og særskildt kulturskule-delen var svært bra! Her høyrde vi at mange musikantar har hatt stor utvikling i haust! 19 musikantar var samla heime hjå Jorun på Hovland til julekos! Vi laga alt frå øyredobbar til juletrepynt, drakk gløgg og kosa oss. Avslutningskonserten no før jul i bedehuset 20. Desember er den beste vi har spelt på mange år! Sjølv om vi hadde litt forsterkingar har verkeleg korpset heva kvaliteten på musikken i haust! KontingentVi har ikkje sendt ut kontingent for hausten 2009. Denne kjem no i januar. Satsane er uendra denne sesongen. 400

Julestemning med Vadheim Skulemusikk

Julekonsert i samarbeid med kulturskulen torsdag 10.desember kl. 18.00 Med utlodning, musikk og kafe. Kvar musikant tek med seg 1 gevinst og møter i svart bukse, oransje genserar, alle aspirantane skal også spele. Vi treng 3 kakebakarar! Julekonsert i Bedehuset 20.desember Oppmøtetidspunkt ikkje heilt avklart enno. Møte opp i svart bukse og oransje gensar. 1.-års aspirantane skal ikkje vere med å spele her. Julekos hjå Jorun 15. desember kl. 18.00: Alle aspirantar og musikantar i skulemusikken er invitert heim til oss til gløgg og juleverkstad denne kvelden. Det blir litt trangt - men koselelig! Velkommen uten instrument!

Styremøte 26.11.2009

Desse møtte: Jorun Systad, Arild Ullebø, Lillian Skaar, Astrid Grepstad Solheim og Heidi Skaar Beinnes (ref). Saker: 1. Konstituering av det nye styret. Avklaring om val av styremedlem etter 1 år. Ny nestleiar Arild Ullebø tek over etter Leif Arne Fureli. Ny kasserar Lillian Skaar tek over etter Randi Norevik. Nytt varamedlem Ingun Fosse tek over etter Arild Ullebø. Styret er elles etter årsmøtet som tidlegare leiar Jorun Systad, sekretær Heidi Skaar Beinnes og styremedlem Astrid Grepstad Solheim. Ifølgje vedtektene skal årsmøtet også velje tillitsvald frå korpset, samt observatør frå Vadheim Musikklag. Dette vart ikkje gjort under årsmøtet 09. 2. Skriv og meldingar: Godkjend politiattest for Jorun. Frifond-midlar tildelt kr 8.700 Får i år ikkje vaksenopplæringsmidlar då det ikkje er mange nok musikantar på ungdomsskulesteget og eldre, til saman må det vere 5 musikantar. 3. Julekonsert i samarbeid med kulturskulen: Torsdag 10.desember 2009 kl 18.00 i gymsalen. 1 utlod

Musikkøving for aspirantar

No nermar det seg jul og julekonsertar. Frå og med torsdag 12. november møter 2007/2008-aspirantar på musikkøving kvar torsdag frå kl. 17.30 - 18.30. Nå er det julestemning på musikkøvingane.

Referat frå Årsmøte i Vadheim skulemusikk 22.oktober 2009

Desse foreldra møtte: Liv Hilde Klævold, Arild Ullebø, Vibeke Birkås, Ingunn Indrebø, Lillian Skaar, Oddhild Løbø, Astrid Grepstad Solheim, Randi Norevik, Leif Arne Fureli, Jorun Systad og Heidi Skaar Beinnes, samt dirigent Sjoerd Tulsma. Val av møteleiar: Jorun Systad Val av referent: Heidi Skaar Beinnes Sak 1. Gjennomgang av årsmelding som vart godkjend. Sak 2. Drøfting av dugnadsaktivitetar, spesielt vasking av båtar ved Havyard i Leirvik. Vaskinga vert oftast delt mellom fleire lag og organisasjonar i bygda, viktig at ein sjølv ber om å få stille for skulemusikken. Under årsmøte kjem ein fram til at ein ønskjer halde fram med dugnad som tidlegare med oppfordring til alle foreldre om å stille på slik dugnad når ein har høve. Det vert gjort vedtak på at Vadheim skulemusikk skal ha dugnadar der ein oppfordrar alle foreldre til å stille. Ein vurderer det rimeleg at laget kan klare 2 dugnader i skuleåret i tillegg til årleg basar. Det vert også oppfordra til å registrere sin grasrotande

Årsmelding for 2008-2009

Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning: Musikantar Start år: Guro Systad Rødland (2002) Liv Norevik Heggenes (2002) Kaja Ullebø (2004) Emily Vik (2004) Talia Indrebø Mellebye (2006) Kristin Løbø Solhaug (2006) Ingrid Systad Rødland (2006) Henrik Klævold Heggenes (2006) Annika Beinnes (2007) Therese Sleire Birkås (2007) Martine Ullebø (2007) Aspirantar: Ola Ullebø (2007) Helene Klævold Heggenes (2007) Hanne Sleire Sandvik (2008) Marita Ullebø (2008) Aleksander Solheim (2008) Mariell Solheim (2008) Ida Marie Solheim (2008) Mariell Vik Fureli (2008) Einar Systad Rødland (2008) Thea Grymyr Ljotebø (2008) Aleksander Burns (2008) Lars Norevik Heggenes (2008) Dirigent: Sjoerd Tolsma Styret i Vadheim skulemusikk: Leiar Jorun Systad Nestleiar Leif Arne Fureli Kasserar Randi Norevik Sekretær Heidi Beinnes Styremdl/Matr: Astrid Solheim Vara Arild Ullebø Revisor: Oddhild Løbø, Per Morten Frivik Valkomité Ingunn Indrebø og Liv Hilde Klævold Aktivitetar: Musikkøvingane har i perioden vor

Timeplan for kulturskulen 2009-210

Stad: Vadheim skule - gymsalen og kjøkkenet Mandag: 13.50 - 14.10 Annika kornett 14.10 - 14.30 Kaja kornett 14.30 - 14.50 Ingrid kornett 14.50 - 15.10 Martine althorn 15.10 - 15.30 Therese althorn 15.30 - 15.50 Emily althorn 15.50 - 16.10 Hanne trombone Onsdag: 14.20 - 14.40 Thea kornett 14.40 - 15.00 Mariell F. kornett 15.00 - 15.20 Einar kornett 15.20 - 15.40 Kristin piano 15.40 - 16.00 Lars kornett 16.00 - 16.20 Ida Marie S. kornett 16.20 - 16.40 Malin, kornett Torsdag: 14.10 - 14.30 Einar piano 14.30 - 14.50 Alexander kornett 14.50 - 15.10 Kristin slagverk 15.10 - 15.30 Linn kornett 15.30 - 15.50 Ola - baryton 15.50 - 16.10 Pause 16.10 - 16.30 Johanne kornett 16.30 - 16.50 Helene kornett 16.50 - 17.10 Henrik slagverk 17.30 - 19.30 Musikkøving (pause 15 min.) Til foreldre og elevar: vær forsiktig med instrument sjekk at sekken inneheld notar leksa er notert med blyant i boka

Dugnadsnytt

Leif Arne, Arvid, Arild, Jorun, Ingunn og Liv Hilde hadde 14. august dugnad på Birkås. Vi fekk gjort ein stor del av jobben. Alle oljefat vart rydda og all material er samla i store dungar langs linja. No står det att litt bålbrenning. Dette vert gjort etter avtale med Høyanger kommune. Leif Arne tek kontakt med Plan og Utvikling for å melde om brenning og avtale ny dugnad.

Dugnad 14. - 15. august

14. august kl. 17.00 - 20.00 vert det dugnad på Byrkjosen kraftverk for Småkraft AS. Det skal ryddast gammalt byggemateriale og halve oljefat. Leif Arne Fureli organiserer sjølve dugnaden. Det er ikkje farleg terreng - arbeidet passar og for ungar i skulealder. Vi må prøve å skaffe ein 4-hjuling til frakting ned til hovudveg. Vi treng at så mange som mogleg er med på dugnaden!! Ta med nistemat og bli med. Ta kontakt med Jorun eller Leif Arne viss du treng skyss.

Styremøte 7. juli 2009

Til stades: Heidi Beinnes, Leif Arne Fureli, Randi Norevik og Jorun Systad Fråværande: Astrid Solheim Sakliste: 1. Skriv og meldingar - Det er sendt rettingar til Brønnøysundregisteret som no er registrert. - Jorun sender inn rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet. - Grasrotandelen - Vadheim skulemusikk har til no fått inn 1819,20 kr. - Dirigentkontrakt med Høyanger kulturskule og Sjoerd Tolsma for kommande skuleår er signert. 2. Korpset har fått melding om to nye aspirantar: Linn Værøy og Johanne Axelsson. Det kan være fleire som er innmelde i kulturskulen som aspirantar. Korpset har fått ei utmelding for hausten 2009. 3. Dugnad på Byrkjosen kraftverk v/Småkraft Høyanger skulemusikk tek på seg å gjennomføre dugnad 13. - 15. august 2009. Det skal ryddast byggemateriale og halve oljefat. Leif Arne Fureli organiserer sjølve dugnaden. Ikkje farleg terreng - arbeidet passar og for ungar i skulealder. Vi må prøve å skaffe ein 4-hjuling til frakting ned til hovudveg. 7-8 personar 3 kveld

Årsmelding for Vadheim skulemusikk 2007-2008

Årsmelding for Vadheim skulemusikk 2007-2008 Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning: Musikantar Start år: Amalie Dalheim Hovland (2001) Guro Systad Rødland (2002) Liv Norevik Heggenes (2002) Sivert Støfringsdal (2004)Kaja Ullebø (2004) Emily Vik (2004) Harald Norevik Heggenes (2004) Talia Indrebø Mellebye (2006)Kristin Løbø Solhaug (2006)Ingrid Systad Rødland (2006) Henrik Klævold Heggenes (2006) Aspirantar: Ola Ullebø (2007) Helene Klævold Heggenes (2007)Annika Beinnes (2007) Therese Sleire Birkås (2007) Dirigent: Sjoerd Tolsma Styret i Vadheim skulemusikk: Leiar Jorun Systad Nestleiar Leif Arne Fureli Kasserar Randi Norevik Sekretær Arnvid Hovland Styremdl/Matr: Petra Haram Vara Ari

Forslag til handlingsplan 2009-2010

September: Enkeltøving med aspirantar ved Sjoerd startar ved skulestart Enkeltøving med messinginstrument/trommer tysdag - torsdag Fellesøving for korpset kvar onsdag med Sjoerd Seminar i samarbeid med andre skulekorps i kommunen Oktober : Årsmøte på Vadheim skule November : Planlegging av julekonsert og juleavslutning Desember : Julekonsert på Vadheim skule. Planlegge øvingar med eit ”samla” (med aspirantar) korps i januar Januar: Starte opp med fellesøving att. Avgjere kva stemne/tur korpset skal reise på til sommaren. Februar : Seminar for å forberede til basar Basar på morsdagen Mars : Sangens og musikkens dag i Vadheim April : Sosial aktivitet (Bowling, bading …) Marsjtrening/musikkøving Mai : Marsj/musikkøving Speling i toget 17. mai med aspirantane Juni: Bestilling av dirigentstimar til korps og aspirantar. Event. musikkstemne og skuleavslutning August: Oppstart med korps og aspirantar ved skulestart

Søknad om støtte til barne- og ungdomsføremål

Høyanger Ungdomsråd, Tenesteområde oppvekst, boks 159,6991 Høyanger. Vadheim 1. april. 2009 Vadheim skulemusikk søker med dette Høyanger Ungdomsråd om kr. 5.000,- til sosiale tiltak i Vadheim skulemusikk. Skulemusikken i Vadheim er eit korps i vekst har dei siste åra gått frå 7 til over 20 musikantar og aspirantar. VI har barn og unge i alderen 7 til 15 år i korpset. Vi søker med dette støtte til å lage ei seminarhelg for skulemusikken tidleg på skuleåret 2009. Vi ynskjer å lage ei helg som ikkje berre inneheld korpsmusikk, men og andre kurs og aktivitetar som kan gjere skulemusikken attraktiv for barn og unge i bygda. Det kan være nett-publisering, baking, sang, hest og andre aktivitetar. Vi ynskjer og at seminaret skal være eit tilbod til andre korps i kommunen for å auke rekrutteringa til korps i Høyanger kommune. Jorun SystadLeiar i Vadheim skulemusikk.

Kjøp av dirigent-timar 2009/10

Til Høyanger kommune V/Kulturskulen Vi takkar for godt samarbeid i året som har gått. Vadheim skulemusikk har svært gode erfaringar med Sjoerd Tolsma som dirigent, og håpar vi får behalde han og i 2009/2010. Sjoerd har erfaring og kunnskap om messinginstrument, noko som vi ser som ein forutsetnad for å dirigere skulekorpset. Han har og god erfaring med musikkopplæring av unge elevar. Sidan vi er eit lite korps, vil vi og i året som kjem søke meir samarbeid med andre korps i kommunen. Vi ynskjer å behalde torsdag som øvingsdag sidan det har vist seg å være mest praktisk for musikantane. Vi ser at Kyrkjebø skule- og ungdomskorps har svært god erfaring med eit aspirant-gruppe og ei ungdoms-gruppe. Vi har ikkje tilgang til liknande lærekrefter, men ynskjer oss ei todelt musikkøving der aspirantane deltek på halve musikkøvinga. Korpset skal til helga på korpstur saman med Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Høyanger skulekorps, og har i vår hatt 5 fellesøvingar med dei andre korpsa. Dette k

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk