Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2013

TID FOR BASAR!

Vi har høg aktivitet og treng inntekter til aktivitet, dirigent og enkeltøvingar i kulturskulen. Basar 3. mars kl. 16.00. Alle har vi travle kvardagar – men vi håper på at alle foreldre og musikantar kan være med å bidra. Loddsalet er godt i gang men vi treng ei runde på husa! (dei yngste treng eldre hjelparar eller foreldre) Linn og Ida - byggefeltet og Skår Annika og Christine - Vaimsdalen frå brua til skulen Mariell, Katrine og Emily – Kråkevika og Ståret, Lialandet Einar, Marcell og Alex og – Øyrane til Sanden Thea og Hilde – Kikken, Øvre og nedre Hovland Gevinstar til åresalet – Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar. (Ta kontakt om de ikkje klarer å skaffe gevinstar.) Mange gevinstar er allereie på plass på loftet! Eg går ei runde i Høyanger denne veka. Uniform – alle må sjekke uniformen før basaren! Noterte litt ”ruskete” og til dels trange uniformar på tunnell-opninga! Alle foreldre tek med ei kake på basaren. Vi har sett opp følgjande arbeidsfordeling

Årsmøte i Vadheim Skulemusikk 2013

På Vadheim Skule torsdag 28. februar kl. 18.00 Sakliste for årsmøte Opning av årsmøte v/Vadheim skulemusikk ved leiar. Godkjenning av innkalling Godkjenning av dagsorden/saksliste Val av møteleiing Val av sekretær Val av protokollunderskrivarar Godkjenning av årsmelding Godkjenning av rekneskap Godkjenning av budsjett og handlingsplan Val Enkel servering på årsmøtet. Velkommen!

Nyheitsbrev frå Vadheim skulemusikk 2013

No er korpsåret starta for fullt! Hausten 2012 Tusen takk for ein flott musikkhaust!  Amalia og Katrine har no forlatt aspirantane sine rekker for godt og er begynt i korpset.Vi fekk ingen nye aspirantar i haust, og vart difor ekstra glade då Natalie Rolland fekk kornett og plass i kulturskulen no i januar. Vi har plass til fleire aspirantar.  Vi takkar og Helene Heggenes som slutta i korpset no til jul. 16 musikantar var samla heime hjå Jorun på Hovland til julekos! Vi laga alt frå øyredobbar til juletrepynt, drakk gløgg, kakao og kosa oss. Det var veldig kjekt å vise ungane kulturprisen for 2012 denne kvelden! Ein kulturpris for god korpsånd!!  Vi har hatt ein travel haust med tunellopning og konsertar.  Det musikalske nivået på korpset stig stadig – kanskje det vert konkurranse til hausten? Kontingent Vi har ikkje sendt ut kontingent for hausten 2012. Denne kjem no i februar.  Satsane er uendra denne sesongen. 400 pr. halvår for eit barn, 350,- pr. barn ved fleire medlemmar fr

Årsmøte 2013

Vi kallar med dette inn til Årsmøte i Vadheim skulemusikk 2013 På Vadheim skule torsdag 28. februar kl. 18.00. Møtet er flytta grunna UKM og arrangement på Vadheim skule flytta til etter vinterferien. Saker til årsmøtet må være styret i hende innan 14. februar 2013. Styret i Vadheim skulemusikk

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk