Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2014

Kom igjen – bli med!

For alle   i 2. – 5. klasse som har lyst til å prøve eit instrument Vadheim Skulemusikk har gratis aspirantkurs på kornett i januar – februar 2015.  Instruktør  er Jason Burn. Øvinga vert rett etter skuletid mandag eller tysdag. Tilbodet er gratis, og kvar deltakar vil få ein ”fadder” i korpset. Å spele i korps gjev mange positive opplevingar gjennom samspel,samvær med jamaldringar, på turar og i andre aktivitetar, og alle som har lyst til å spele eit instrument får lov til å være med! Påmelding til Jorun Systad (97998980). Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen

Basar 8. februar

God jul til alle musikantar og foreldre!! Søndag 8. februar 2015 vert det  basar på Vadheim skule. Vi håper å ha bøkene ute tidleg i januar. Er det nokon som har gevinstar som passar for boka - ta gjerne kontakt med styret! Vi har starta arbeidet med å samle inn gevinstar.

Juleprogram 2014

No er advent her, og vi gleder oss til julespeling og julekos!!  6. desember – Opning av julemarknad kl. 11.00 – 11.30 Denne dagen er det julemarknad i kjellaren på doktorhuset. Skulemusikken skal være med å opne arrangementet. Her held det med ei   Nisselue   og litt ekstra fregner for dei som likar litt pynt.  Vi spelar julesangar frå julehefte. 8. desember – Julekonsert i Vadheim bedehus kl. 19.00 Her deltek musikantar og  aspirantar og spelar 2  - 3 julesan gar  . Solistar til ”julesang” saman med Vadheim musikklag ( solistane møter på øving 3. dsember med musikklaget.) Oppmøte kl. 18.00 i orange genser og svart bukse. 11. desember – Julekonsert på vadheim skule kl. 18.00 i samarbeid med kulturskulen Her skal alle musikantar, aspirantar og pianister delta. Sjoerd gjev melding til kvar enkelt om kva dei skal spele Oppmøte kl. 17.00    i svart bukse og orange genser (viss ikkje anna er avtalt med Sjoerd!) Dei som ikkje har gensar får det utdelt på konserten

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk