Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 26, 2013

TID FOR BASAR!

Vi har høg aktivitet og treng inntekter til aktivitet, dirigent og enkeltøvingar i kulturskulen. Basar 3. mars kl. 16.00. Alle har vi travle kvardagar – men vi håper på at alle foreldre og musikantar kan være med å bidra. Loddsalet er godt i gang men vi treng ei runde på husa! (dei yngste treng eldre hjelparar eller foreldre) Linn og Ida - byggefeltet og Skår Annika og Christine - Vaimsdalen frå brua til skulen Mariell, Katrine og Emily – Kråkevika og Ståret, Lialandet Einar, Marcell og Alex og – Øyrane til Sanden Thea og Hilde – Kikken, Øvre og nedre Hovland Gevinstar til åresalet – Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar. (Ta kontakt om de ikkje klarer å skaffe gevinstar.) Mange gevinstar er allereie på plass på loftet! Eg går ei runde i Høyanger denne veka. Uniform – alle må sjekke uniformen før basaren! Noterte litt ”ruskete” og til dels trange uniformar på tunnell-opninga! Alle foreldre tek med ei kake på basaren. Vi har sett opp følgjande arbeidsfordeling

Årsmøte i Vadheim Skulemusikk 2013

På Vadheim Skule torsdag 28. februar kl. 18.00 Sakliste for årsmøte Opning av årsmøte v/Vadheim skulemusikk ved leiar. Godkjenning av innkalling Godkjenning av dagsorden/saksliste Val av møteleiing Val av sekretær Val av protokollunderskrivarar Godkjenning av årsmelding Godkjenning av rekneskap Godkjenning av budsjett og handlingsplan Val Enkel servering på årsmøtet. Velkommen!

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Vadheim Skulemusikk