Gå til hovedinnhold

Årsmelding for Vadheim skulemusikk 2007-2008

Årsmelding for Vadheim skulemusikk
2007-2008


Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning:
Musikantar Start år:
Amalie Dalheim Hovland (2001)
Guro Systad Rødland (2002)
Liv Norevik Heggenes (2002)
Sivert Støfringsdal (2004)Kaja Ullebø (2004)
Emily Vik (2004)
Harald Norevik Heggenes (2004)
Talia Indrebø Mellebye (2006)Kristin Løbø Solhaug (2006)Ingrid Systad Rødland (2006)
Henrik Klævold Heggenes (2006)
Aspirantar:
Ola Ullebø (2007)
Helene Klævold Heggenes (2007)Annika Beinnes (2007)
Therese Sleire Birkås (2007)
Dirigent: Sjoerd Tolsma

Styret i Vadheim skulemusikk:
Leiar Jorun Systad
Nestleiar Leif Arne Fureli
Kasserar Randi Norevik
Sekretær Arnvid Hovland
Styremdl/Matr: Petra Haram
Vara Arild Ullebø
Revisor: Oddhild Løbø, Per Morten Frivik
Valkomité Ingunn Indrebø og Liv Hilde Klævold


Aktivitetar:
Musikkøvingane har i perioden vore kvar torsdag frå kl. 17.30 – 19.15. Endeleg hadde korpset fått ein profesjonell dirigent, og så stor besetning at ein kunne spele korpsmusikk att.
I tillegg aktive ”musikantforeldre” har og Magnar Heggenes vore viktig for å skape korps-lyd på øvingane. 14 av 15 musikantane hadde enkeltøvingar i Høyanger kulturskule.
Korpset fekk i 2007 4 nye aspirantar og 2 aspirantar frå 2006 slutta i korpset.

Korpset starta med førjulskonsert, kaffi og loddsal på Vadheim skule 6. desember der vi hadde ei triveleg kveldsstund med Summer Nights, Rock House og Spania! Skikkeleg julestemning! 19. desember spelte vi julesongar på Julekonsert i Vadheim bedehus saman med Vadheim musikklag. Då fekk bygda endeleg høyre kva vi hadde jobba med i året som gjekk. Vi hadde juleavslutning i grillhytta til Kristin før vi tok juleferie.

Rett etter jul starta vi planlegging av basaren som vart halde på Vadheim skule 10. februar. Då vart det og slutt på aspiranttida for dei musikantane som starta i 2006. Fredag 8. februar hadde vi ekstraøving og pizza til musikantane. Basaren var vellukka både musikalsk og økonomisk!

Styret har gjort eit godt arbeid i året som gjekk for å styrke økonomien til korpset. Vi har sendt søknader om midlar til fjern og nær. Vi har fått mange avslag, men mange har og vore positive til laget og støtta arbeidet vårt økonomisk. BKK er hovudsponsor til Vadheim skulemusikk.

23. april deltok korpset på den årlege vårkonserten til Vadheim musikklag med marsj og samba. Etter basaren starta vi med planlegging av korpstur. Vi vedtok at vi skulle reise på tur saman med Kyrkjebø Skule- og Ungdomskorps, og etter 3 fellesøvingar på Kyrkjebø reiste vi til Ålesund Musikkfestival 6. – 8. juni. 50 musikantar og vaksne reiste saman, og hadde ein flott tur til Hessa like utanfor Ålesund sentrum. Dette var det første musikkstemne som korpset har delteke på sidan tidleg på 1990-talet.

I tillegg spelte korpset i gatene 17. mai til stor glede for alle i Vadheim. Dessverre så kom vi litt seint i gang med marsjtreninga, grunna vårkonserten. Det er ikkje så lett å gå og spele samstundes. Det må trenast på!

Sesongen vart avslutta med marsj rundt kikken saman med musikantar frå Vadheim musikklag ein regntung jonsokkveld 23. juni 2008.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk