Leif Arne, Arvid, Arild, Jorun, Ingunn og Liv Hilde hadde 14. august dugnad på Birkås. Vi fekk gjort ein stor del av jobben. Alle oljefat vart rydda og all material er samla i store dungar langs linja. No står det att litt bålbrenning. Dette vert gjort etter avtale med Høyanger kommune. Leif Arne tek kontakt med Plan og Utvikling for å melde om brenning og avtale ny dugnad.
Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.
Kommentarer
Legg inn en kommentar