Gå til hovedinnhold

Styremøte 26.11.2009

Desse møtte: Jorun Systad, Arild Ullebø, Lillian Skaar, Astrid Grepstad Solheim og Heidi Skaar Beinnes (ref).

Saker:
1. Konstituering av det nye styret.
Avklaring om val av styremedlem etter 1 år.
Ny nestleiar Arild Ullebø tek over etter Leif Arne Fureli.
Ny kasserar Lillian Skaar tek over etter Randi Norevik.
Nytt varamedlem Ingun Fosse tek over etter Arild Ullebø.
Styret er elles etter årsmøtet som tidlegare leiar Jorun Systad, sekretær Heidi Skaar Beinnes og styremedlem Astrid Grepstad Solheim.

Ifølgje vedtektene skal årsmøtet også velje tillitsvald frå korpset, samt observatør frå Vadheim Musikklag. Dette vart ikkje gjort under årsmøtet 09.

2. Skriv og meldingar:
Godkjend politiattest for Jorun.
Frifond-midlar tildelt kr 8.700
Får i år ikkje vaksenopplæringsmidlar då det ikkje er mange nok musikantar på ungdomsskulesteget og eldre, til saman må det vere 5 musikantar.

3. Julekonsert i samarbeid med kulturskulen:
Torsdag 10.desember 2009 kl 18.00 i gymsalen. 1 utlodning, kvar musikant tek med seg 1 gevinst. Musikantane møter i svart bukse, oransje genserar, alle aspirantane skal også spele.
Kaker: Inger Anette – sjokoladekake, Heidi – brownieskake, + 3 kaker til.
Kaffi og saft. Kjøpe beger, papptallerknar, teskeier.
Arild orienterer Inger Anette om tidspkt ifm trening.

Julekonsert i Bedehuset 20.desember . Oppmøtetidspunkt ikkje avklart enno. Møte opp i svart bukse og oransje gensar. 1.-års aspirantane skal ikkje vere med å spele her.

Avslutning før jul:
Tysdag 15.desember 2009: 18 aspirantar og musikantar vert då invitert heim til Jorun kl 18.00. Jorun kjøper inn gløgg m/tilbehør.

4. Basar vert 14.februar 2010 kl. 16.00.
Bøkene vert lagt ut på butikkane like over nyttår.
Gevinstar til bøkene vert samla inn av styret.

5. Tur sommaren 2010
Reise saman med Kyrkjebø Ungdomskorps og Høyanger skulemusikk til England, Scarborough. Rundt 17.juni 2010. Reiser med båt dersom den går, viss ikkje reiser vi med fly. To reisedagar, 3 dagar i England med to konsertar, resten moro!

6. Ymse
Utsending av kontingent for hausten 2009.
1 musikant har ikkje møtt til timar i kulturskulen. Når ein ikkje møter utover 3 ”lovlege” timar fråfall, må musikanten v/føresette betale for timane. Kasserar sender ut rekning til aktuell musikant. Vanleg kontingent for halvåret vert sendt ut pr e-post.

Ta opp ”Grasrotandelen” under neste styremøte 14.januar 2010. Viktig å ha klart gevinstar på bok til dette møtet i Løa til Arild.

Ref. Heidi Skaar Beinnes

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk