Gå til hovedinnhold

Nyheitsbrev 2009

Nyheitsbrev frå Vadheim skulemusikk 2009
Fortsatt God jul og eit Godt nytt år til alle foreldre og musikantar!
Hausten 2009Tusen takk for ein flott musikkhaust! Helene har no forlatt aspirantane sine rekker og er begynt i korpset. Dei andre 6 2.-års apirantane har for første gong spelt i storkorpset i haust! Dette har vore ein ny opplevelse for mange – litt utfordring men mest moro! Konserten saman med Høyanger kulturskule var vellukka og særskildt kulturskule-delen var svært bra! Her høyrde vi at mange musikantar har hatt stor utvikling i haust! 19 musikantar var samla heime hjå Jorun på Hovland til julekos! Vi laga alt frå øyredobbar til juletrepynt, drakk gløgg og kosa oss. Avslutningskonserten no før jul i bedehuset 20. Desember er den beste vi har spelt på mange år! Sjølv om vi hadde litt forsterkingar har verkeleg korpset heva kvaliteten på musikken i haust!
KontingentVi har ikkje sendt ut kontingent for hausten 2009. Denne kjem no i januar. Satsane er uendra denne sesongen. 400 pr. halvår for eit barn, 350,- pr. barn ved fleire medlemmar frå same familie.
Foreldremøte og oppstart 2010Vi startar vårsesongen med eit foreldremøte 7. Januar kl. 17.30. Då vert det informasjon om korpsturen til sommaren. Det blir korpstur til Scarborough 17. – 21. Juni 2010. Gjennomgang av retningslinjer og oppdeling av musikkøvingane.
Basar 14. Februar Sidan det i år vert utenlandstur er det viktig at vi styrkar økonomien til laget. Basaren er ein av dei viktigaste inntektskildane til skulemusikken, og vi satsar på godt oppmøte!
Vadheim 28. Desember Styret i Vadheim skulemusikkJorun Systad, Heidi Beinnes, Arild Ullebø, Lillian Skaar, Astrid Solheim og Ingunn Fosse(vara)

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk