Gå til hovedinnhold

Korpstur 2010

Takk for sist! Svært bra at så mange kunne møte på foreldremøte. Det er no heilt sikkert at vi reiser på korpstur til England, Scarborough saman med Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Høyanger skulemusikk, 17. – 21.06.10.

Førehandspåmeldingsfristen for korpset er 19.01.10, for å kunne reservere ekstra plassar på fly Bergen/London(meir enn 50). Så eg må få ei førebels tilbakemelding om kor mange som vil/kan vere med oss til England, seinast 18.01.10. Kvar musikant kan stille med 1 føresett/forelder. Foreldre som spelar vert rekna som musikantar.

Styret i Vadheim skulemusikk har sett opp eit rekneskap for turen, og vi ser at eigenandelen pr musikant/leiar vert 3.000,-. Vi har sett opp eit budsjett ut frå at Vadheim deltek med 23 personar. Dette gjev ca. totalkostnad for turen på 138 000,-. Denne summen inneheld i ikkje tur/retur Bergen (ca. 10.000,- pr korps) og utgifter til lunsj 11000,- (23 x kr. 100,- x 5 dagar). På tidligare turar til England hadde Kyrkjebø ein eigenandel på 2.500 (2004) og Vadheim 1.500(1994). Skal vi ikkje ”brekke ryggen” på denne turen økonomisk er vi avhengig av god dugnadsånd denne våren på basar, auka grasrotandel, flaskeinnsamling og andre inntekter.

Alle må ha ordna med pass(gyldig ca ½ år etter heimkomsten) og reiseforsikring(instrumenta er forsikra gjennom korpset). Det er ikkje naudsynt med skjema frå trygdekontoret då det er ein eigen avtale med England. Det vert avreise frå Bergen 17.06 kl. 06.50. Ankomst London Gatwick 1 time seinare, buss til Scarborough. Retur frå London Gatwick 21.06 kl. 20.10. I Scarborough skal vi bu på pensjonat der vi får server middag og frukost kvar dag.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk