Gå til hovedinnhold

Referat frå foreldremøte tysdag 8. Juni 2010 vedkommande felles korpstur til Scarborough

Representantar frå styra i korpsa frå Vadheim og Kyrkjebø hadde fellesmøte 25.05 på Kyrkjebø, der ein bestemte seg for å ta opp og informere om litt praktiske ting vedkommande korpsturen på eit fellesmøte for begge korpsa.

Jorun Systad, leiar i Vadheim skulemusikk leia møtet, med Anne Merethe Førde, leiar i KSUK, som sidekommentator

Målet med dette møtet var å gje litt informasjon om korpsturen til Scarborough 17. – 21. Juni.
Lommepengar på turen:Dei aller fleste har med foreldre. Det er nokon som reiser utan, og dei bør ha med seg litt lommepengar. Vi har rekna med at det kan fort gå litt pengar. Vi tilrår at ungane har med seg ca. 200 kr. Pr dag/ca. 1000,- for 5 dagar. Men det er heilt opp til foreldra kor mykje ein vil sende med dei. Vi ynskjer at dei som reiser utan foreldre, kan avtale med ein av dei vaksne som er med på turen om å passe på kontantar og evt kort. Det kan vere lurt å ta med seg litt pund til første dagen.

Allergiar:Anne Merete/Jorun må få ei skrifteleg melding om allergiar. Det held med ein e-post.

Innkvartering i England:Vi er fordelt på 2 små pensjonat i England. Nokon av romma har bad på gangen, familier er i hovudsak plassert på same rom. Dersom nokon har planar om å bade i sjøen må ein ta med badehandkle. Vadheim skal bu på Tudor house og Kyrkjebø på The Kenton, desse 2 pensjonata ligg ikkje langt frå kvarandre. Rom-inndelinga vert utdelt med program for turen på bussen.Vi har fått eit brev frå hotella der dei fortel om blanda erfaring med korps på overnatting.Vi minner om at alle foreldra som er med på turen er leiarar og at ein brukar normal folkeskikk.

Program for turen:Alle foreldre/leiarar får utdelt eit program med praktiske opplysningar når ein kjem på bussen. Vi ventar på det endelege programmet, namn på guide og liknande informasjon.

Uniform:Drillere skal ha med seg full uniformMusikantar: Korpsgensar(blå/orange), kvit skjorte med kort arm, mørke sko, svart bukse og sløyfe(Vadheim) og slips(Kyrkjebø).Vi tek ikkje med faner

Bagasje: Klarinettar, fløyter, notestativ og notar i plastmappe skal pakkast i koffert. Skulemusikken betaler ikkje for overvekt!! Samarbeid om notestativ må avtalast på førehand – vi tek ikkje med ekstra!Alle må hugse å legge toalettsakene i kofferten. Tannpussen denne morgonen kan utsetjast til kvelden!!

Alkohol – ikkje eit forbod, men det er ikkje akseptert at nokon vaksne er synleg berusa.

Reisetider: 17.06.1000.30 Avreise Kyrkjebø01.00 Avreise Vadheim02.15 Ferje Lavik –Oppedal06.35 Avreise Bergen07.37 Ankomst Gatwick London (lokal tid! 2 timar flytur)ca. 5 t. busstur til Scarborough (håpar vi….)
Retur 21.06.10:ca. .8.30 Avreise Scarborough – Tees Valley airport – ca. 2,5 t. busstur12.40 Tees Valley – Bergen 15.10Ferja i Lavik ca. 19.00Vi har to bussar:1 Firda Billag 49 seter1 Brekke-buss med tilhengar, 20 seter, begge startar på Kyrkjebø v/Atles.Mat:Det vert ikkje felles måltid før vi kjem fram til Scarborough! Ta med matpakke, og tørrmat som dekkar behovet fram til middagen! (drikke/yoghurt kan ikkje takast med gjennom tollen)Det er 2 måltid pr dag i turpakken, vi skal prøve å organisere 1 fellesmåltid til i løpet av dagen.

Underhaldning:Vi har ikkje fått det endelege programmet, men har bestemt at alle 73 turdeltakarane deltek i Jorvik Vikingland i Kent og i fornøyelsesparken Flamingoland. Det vert sikkert tid for shopping for dei som vil det.

Ymse:
Vi oppfordrar foreldre og ungar til å ta masse film/bilder frå turen og levere til Ole Helge som redigerer og lagar ein DVD frå turen – eit minne for livetJ Vi satsar på å få til ein mimrekveld til hausten med visning av DVDen!ALLE INSTRUMENT SKAL MERKAST MED NAMN!!! Det er og ønskeleg å få kopi av passa til alle turdeltakarane!Sjoerd Tolsma er dirrigent for korpset og er innlosjert med Vadheim, Laila B. Førde er med som støttespelar på slagverk og er innlosjert med Kyrkjebø.

Dersom det er noko vi har gløymt eller de lurer på så ta kontakt med ein av oss!
Anne Merethe – referent
Anne Merethe 91 34 91 76 Jorun mob: 48 13 72 47 annfoerd@online.no jorun.systad@enivest.net

NB!!! MUSIKANTAR PÅ TUR HAR ALLTID SMILET PÅ LUR !

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk