Gå til hovedinnhold

Årsmelding for Vadheim skulemusikk 2009-2010

Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning:
Musikantar Start år:
Guro Systad Rødland (2002)
Liv Norevik Heggenes (2002)
Kaja Ullebø (2004)
Emily Vik (2004)
Kristin Løbø Solhaug (2006)
Ingrid Systad Rødland (2006)
Annika Beinnes (2007)
Therese Sleire Birkås (2007)
Martine Ullebø (2007)
Helene Klævold Heggenes (2007)
Ida Marie Solheim (2008)
Mariell Vik Fureli (2008)
Einar Systad Rødland (2008)
Thea Grymyr Ljotebø (2008)
Aleksander Burns (2008)
Lars Norevik Heggenes (2008)

Aspirantar:
Malin Nygaard Ullebø (2009)
Johanne Axelsson (2009)
Linn Værøy (2009)
Vanessa Madro (2009)

Dirigent: Sjoerd Tolsma

Styret i Vadheim skulemusikk:
Leiar Jorun Systad
Nestleiar Arild Ullebø
Kasserar Lillian Skaar
Sekretær Heidi Beinnes
Styremdl/Matr: Astrid Solheim
Vara Ingunn Fosse
Revisor: Oddhild Løbø, Per Morten Frivik
Valkomité Vibeke Birkaas

Aktivitetar:
Musikkøvingane har i perioden vore kvar torsdag frå kl. 17.30 – 19.30. Korpset har i denne perioden tatt eit steg vidare i utviklinga. Repertoaret har vorte meir variert og med større vanskelegheitsgrad. Med mange nye musikantar hausten 2009 vart musikkøvinga delt i to. Dei yngste på første delen av øvinga, og dei eldste musikantane på siste delen. Fleire av dei eldste musikantane deltok på heile øvinga og var til god støtte for dei yngre.
Korpset har hatt svært god nytte av samarbeidet med Kyrkjebø Skule- og ungdomskorps og Høyanger skulemusikk. Musikantane har fått nye venner i dei andre korpsa og spele i eit storkorps på med over 50 musikantar. 18 av 19 musikantane hadde enkeltøvingar i Høyanger kulturskule.
Korpset fekk i 2009 4 nye aspirantar, og 8 musikantar /aspirantar slutta i korpset. Heile 5 av desse var aspirantar som ikkje begynte for fullt i korpset.

Korpshausten kom skikkeleg i gang i Vadheim 4. – 5. september. Då arrangerte vi seminar på Vadheim skule saman med korpsa på Kyrkjebø og i Høyanger. Det var gjensynsglede for dei musikantane som hadde vore saman på Voss, og ei spennande oppleving for dei som hadde starta i korpset ein månad tidligare. Paintball, hamburgarar og volleyball gjorde at innsatsviljen på øvingane var heilt på topp!

Korpset starta julefeiringa med førjulskonsert, kaffi og loddsal på Vadheim skule 10. desember der vi hadde ei triveleg kveldsstund med julesongar og utlodding! Skikkeleg julestemning! 20. desember spelte vi julesongar på Julekonsert i Vadheim bedehus saman med Vadheim musikklag. Musikantar var også i år solistar saman med Vadheim musikklag.

Rett etter jul starta vi planlegging av basaren som vart halde på Vadheim skule 8. februar. Laurdag 7. februar hadde vi ekstraøving og rydding av lokalet. Basaren var vellukka både musikalsk og økonomisk.
Styret har gjort eit godt arbeid i året som gjekk for å styrke økonomien til korpset. Vi har sendt søknader om midlar til fjern og nær. Sjølv om talet på musikantar har gått noko ned, har aktiviteten i korpset vore større enn på mange år. Enkelttimar, korpstur og nye instrument kostar. Foreldre, bedrifter og bygdefolk har støtta godt opp om laget. Det er lagt ned eit betydeleg tal dugnadstimar på båtvask og liknande i året som har gått. I denne perioden er det og rydda i uniformene, og oppretta eit digitalt notearkiv.

5. – 7. Mars deltok vi på seminar på Kyrkjebø skule saman med Høyanger og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps. Helga vart avslutta med konsert og basar. Etter basaren starta nedteljinga til den store korpsturen til England. Etter ei vellukka 17. Mai feiring der korpset imponerte med 24 musikantar marsjerande i takt. På repertoaret stod Fanfaremarsj, Napoleon Marsh og Rødt og Svart. No var Mini March lagt på hylla!

Etter 3 fellesøvingar på Kyrkjebø reiste vi til Scarbourgh Music festival 17. – 21. Juni 2010. 74 musikantar og vaksne reiste saman, og hadde ein flott tur til England.
Sesongen vart avslutta med konsert på Scarbourogh flottaste hotell.


Vadheim 4. oktober
Jorun Systad

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk