Gå til hovedinnhold

Innkalling til møte om jubileumsfeiring og tur



Musikantar med foreldre vert med dette invitert til møte
torsdag 3.februar 2011,
frå kl 19.15 på skulekjøkkenet.

Jubileumskomiteen vil då orientere om vår plan for feiringa av jubiléet, samt planlegge arbeidsgrupper. I tillegg vil styret orientere om aktuell tur i juni.

For å spare møtetid kjem her litt om kva jubileumskomitéen har planlagt:
18.mars: sosial samling på Anton Pub for både musikantar og foreldra.

19.mars: Konserten startar kl 16.00. Vi inviterer Kyrkjebø ungdomskorps og Høyanger skulemusikk til å spele saman med oss, i tillegg vert Lavik skulemusikk invitert til å spele, samt Vadheim Musikklag. Inngangsbillett barn kr 50,- / vaksne kr 100,-. Etter konserten vert det høve til å sjå på ei utstilling med bilete frå Vadheim skulemusikk si historie.
Middag (Taco) vert ca kl. 18.30, høveleg pent antrekk, våre musikantar skal ikkje betale, pris for andre vert barn 4-16 år kr 50,-/vaksne kr 100,-

Så har vi ein spesiell invitasjon til alle musikantane:
Vi inviterer alle musikantane som har lyst til å opptre med musikalske innslag av alle slag. Dette kan vere gruppe eller solo-innslag, både med og utan instrument, eller dans!!

Vi må ha påmelding til middag innan 20.februar!!

Det er også oppretta ei facebook-side med namnet Vadheim skulemusikk 50 år der det vert lagt ut informasjon.

Håpar dei fleste kan møte :)) Helsing jubileumskomitéen v/ Heidi

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk