Gå til hovedinnhold

Basaren er i rute!

Vi har allereie solgt ut nesten 8 loddbøker. Eg har ei loddbok med 2 ledige sider, og på coopen er det og att nokre sider i ei loddbok! Nesten 20.000 før basaren er i gang!!

Gevinstar til åresalet:Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar.
Mange har levert gevinstar - og dei resterande tek vi helst i mot i morgon. Gevinstane skal leggast på plass i morgon kl. 16.00

Uniformalle må sjekke uniformen før basaren - det er framleis ein moglegheit i morgon viss buksa er litt trang eller kort...

Kake:Alle ungane m/ foreldre tek med ei kake på basaren. Jorun, Kari Mette, Randi og Oddhild stiller med 2 kaker. Då har vi 15 stykker - med ei flott gåve frå bakeri i Førde.

Arbeidsfordelinga til basaren er klar, men vi manglar nokre åreselgarar!

Den musikalske biten av konserten tek Sjoerd seg av. Konserten vert todelt. Først aspirantane og så korpset.I pausa på basaren vert det Ungdommens Kulturmønstring - local!!

Ekstraøving lørdag 13. februar kl. 14.00 – 16.00 for alle musikantar og aspirantar. Lydprøve for sangarar etter øvinga kl. 16.00.Oppmøte for musikantar og kjøkkenskrivarar kl. 15.00 på søndag.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk