Gå til hovedinnhold

Flott jubileumsfest

Vadheim skulemusikk fekk med sine nye flotte uniformer ei strålande jubileumsfeiring i går på Vadheim skule. Godt med hjelp frå Høyanger skulemusikk og Kyrkjebø ungdomskorps under konserten. Vadheim Musikklag overraska med ein humørfylt gratulasjonssang, og ikkje minst klarte Åge Sagen å på sin måte ta oss med tilbake til oppstartsåra... med både tale og song. I pausen fekk dei besøkande sjå bilete frå både tidlege og nyare korps-tider, filmen frå Danmarksturen og ikkje minst vår endeleg avlagte raude uniformsjakke, med dei 70-tals inspirerte gule pologensarane og skjortene, som på 80-talet vart bytta ut med kvite skjorter. Då det nærma seg taco-tid, vart etter kvart gymsalen stappfull med inviterte og andre påmelde gjester. Då tallerknane etter kvart vart tome, fekk underhaldningsgjengen slå seg laus på scena. Drilljentene frå Kyrkjebø og fløytist frå Høyanger gjorde, saman med Vaima-gjengen ein kjempeinnsats, attpåtil leiaren vår, Jorun, heiv seg ut på «Glow»-dansen. Og heile salen måtte sjølvsagt også vere med på dansen:))Då kakene og kaffien var innteke, fekk musikantane røre seg etter fengande diskorytmer, medan praten gjekk laust i gymsalen. Tusen takk til alle som var med å gjere dette til ein flott og minnerik dag for musikantane i Vadheim skulemusikk, og heilt sikkert også for dei andre som deltok!!:))
Heidi Beinnes (ref.)

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk