Gå til hovedinnhold

Vel overstått nasjonaldag og påmelding til korpstur 2011

Tusen takk til alle musikantar og foreldre for flott speling i dag! Spesielt takk til Tommy og Sjur som var med oss og spelte! Veldig sporty å stille opp på kort varsel!

Værgudane i dag kunne vi ikkje gjere mykje med, MEN vi i styret lovar at vi skal kjøpe inn nye regnfrakkar slik at ved neste stormflo så får alle regnfrakk som passar!
Fantastiske ungar i dag - dei spelte flott og det var ikkje mange sure miner sjølv om regnet pøste ned!! Hugs å skryte av gjengen. Tusen takk til 17. komiteen for pølser og brus! Eg trur at i tillegg til speleglede så hjelper det med ei påskjønning for god innsats!!

Det vert ikkje fellesøving torsdag 19. mai. Då tek vi fri før vi startar opp for fullt neste veke med fellesøvingar med Kyrkjebø til korpsstemne. Kulturskuletimane går som vanleg!

Det er sett opp følgjande fellesøvingar:
Tysdag 24. Mai Kyrkjebø kl. 18.00 – 20.00
Tysdag 31. Mai Kyrkjebø kl. 18.00 – 20.00
Torsdag 9. Juni Vadheim kl. 18.00 – 20.00
Viss alle spelar bra og det går som det susar, tek vi fri siste veka!!Event. Vert det øving:
Tysdag 14. Juni Kyrkjebø kl. 18.00 – 20.00

Hugs gode sko! Desverre så kollidererer fellesøvingane med fotballtreninga for svært mange ungar frå Vadheim på tysdagar.

Vi har vore i kontakt med Idrettslaget og håpar at vi finn ei ordning som passar for flest mogleg fotballspelarar, musikantar og dirigent. Våren er og høgsesong for fotballturneringar og fotballtreningane er viktige for musikantane våre. Første øving som avtalt - fotballtrening 25. mai.

NB! Foreldra avtaler med kvarandre, og tek sjølv ansvar for køyring til og frå øving på Kyrkjebø.

(Aspirantar skal være med, men dei må rekne med litt pauser i øvingane når dei meir "avanserte" sangane står på reportuaret.

Bindande påmelding til korpstur 17. - 19. juni innan 26. mai til Jorun Systad på e-post.
Vi ber med dette om å få ei bindande påmelding frå alle som ynskjer å være med på korpsturen 2011

Vi har meldt på 71 personar frå Vadheim og Kyrkjebø til stemne på Eid. (Høyanger har takka nei til å bli med av økonomiske årsaker) Det er ikkje sendt ut ei bindande påmelding til deltakarane, men påmeldinga er gjort etter dei attendemeldingane ein fekk om kven som signaliserte i vår at dei ynskjer å delta. No treng vi ei bindande påmelding

Pris: 650,- pr. person.
Dette dekkar alle måltider, reise og påmeldingsavgift(800 pr. person) og overnatting på skule.
Reise:
Avreise frå Kyrkjebø kl. 17.00 fredag 17. Juni. Vi bestiller ein buss med 48 seter. Dei resterande køyrer bil. Vi reknar med å være framme på Eid ca. kl. 20.00 – 20.30

Programmet skal være ferdig seinast kl. 15.00 søndag 19. Juni.
Meir informasjon om stemnet finn du på:  http://www.musikkstemnet.no/
Det vert foreldremøte for Vadheim skulemusikk om kropsturen kl. 18.00 torsdag 26. mai.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk