Gå til hovedinnhold

Foreldremøte i Vadheim skulemusikk 26. Mai på Vadheim skule

Sak 1. Reise til korpsstemne:
Vi reiser med 2 bussar til korpsstemnet. Det vert bestilt 1 stor(48 seter) og 1 liten(20) seter.
Avreise frå Kyrkjebø (butikken) fredag 17. Juni kl. 17.00 og Vadheim skule ca. 17.30.
Reisa tek ca. 2,5 timar. Avreise frå Eid ca. 15.00. Vi er heime seinast kl. 18.00 søndag kveld.

Sak 2. Bading på stemnet:
Foreldre og føresette har sjølv ansvar for dei ungane som ynskjer å bade. Bassenget er ope(sjå program)

Sak 3. ”Eg reiser åleine”:
Deei ungane som ikkje har med foreldre får oppnemde ansvarspersonar frå styret(her er det gjort nokre endringar jmf. Siste styremøte):

Lars – Kjell (Jorun fredag kveld)
Kaja – Kari Mette
Liv – Jorun
Marcel – Britt
Therese – Heidi

2 foreldre søv ikkje saman med ungane, og 1 foreldre kjem neste dag. Desse avtaler sjølv kontaktpersonar for sine ungar når dei ikkje er tilstades.
Kontaktpersonane har ansvar for å hjelpe ungane med uniform,instrument og eventuelt passe økonomi. Ungane har ikkje lov til å låne pengar av kvarandre. Det er opp til foreldra kor mykje pengar den enkelte musikant har med seg på korpsturen.

Sak 4 – Mat, søvn og kle:
Vi får alle måltider servert, og vi får kveldsmat når vi kjem fredag kveld.
Styret pakkar likevel med ein ”matkasse” med juice, syltetøy, brød, fat og plastbeger.
Vi har erfaring frå Voss-turen at det kan være godt med litt ”vanleg” mat i bakhand.
Allergiar er meldt til korpsstemnet. Hugs litt ”eige brød” for dei som treng det til turen.

Musikantane tek med uniform og orange genser. Hugs å merke uniformshattar og sko med namn!
Regnfrakkane 17. Mai er ein historie for seg. Styret har kjøpt nye regnfrakkar og regntrekk til hattane. Desse vert oppbevart av styret som tek dei med på stemnet.

Vi skal overnatte på ein skule. Vi får tildelt eit klasserom eller ein gymsal. Det er viktig at ein har med underlag etter behov! Sjekk oppblåsbare madrasser på førehand og kontroller at ein har med alt ein treng for ein god natt søvn!

Sak 5 – Ymse:
Det har vore vanskeleg for ungane å møte på øvingane fram til stemnet. Det har kollidert med fotball-treningar og kampar for mange. Det er viktig at styret held ein god dialog med idrettslaget slik at ein unngår konflikter. Fridagar og skulearrangement har medført at ingen av øvingane er i Vadheim før stemnet. Vadheim skulemusikk har ansvar for mat på øvinga 7. Og 14. Juni på Kyrkjebø.

På grunn av stadig kollisjonar med skulearrangement har styret i skulemusikken søkt Høyanger kommune om endring av øvingsdag til onsdagar. Vi misser 5-6 øvingsdagar grunna skulearrangement årleg. Vi håper og at same øvingsdag som musikklaget vil gjere ein eventuell overgang mellom laga lettare for musikantane.

Dei gamle uniformane vert samla inn til hausten. Vi krev ikkje rensing, men har uniformen synlege flekkar skal dei fjernast og eventuelt rensast. Uniformane skal sjekkast ved innlevering.
Vi beheld sløyfer og skjorter med kort arm. Vi sel uniformane og beheld 2 stykker til framtidige jubileum.

Jorun Systad
Leiar og ref.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk