Gå til hovedinnhold

Styremøte i Vadheim skulemusikk 01.09.2011

Til stades: Kaja Ullebø, Arild Ullebø, Jorun Systad, Kari Mette Vik, Liv Hilde Klævold og Lillian Skaar.

1. Skriv og meldingar:
Øvingstid sesongen 2011-2012 vert torsdag 17.30 – 19.30. Vi fekk ikkje innvilga søknad om onsdag ettermiddag grunna andre øvingar i kommunen.
Brønnøysundregisteret – Jorun har endra styresamansetnad og reglement.

2. Økonomi i laget:
Laget har no 43.000,- fordelt på lagskonto og sparekonto. Utgiftene knytt til korpsturen i vår er ikkje fordelt og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps skyldar korpset ca. 20.000,- i reiseutgifter. Laget har motteke 15.000 for rydding av Birkås kraftverk. ( er dugnaden heilt avslutta? )
Laget treng ei styrking av økonomien. Jorun og Lillian søker kommunen om midlar no i vår.
Grunna den økonomiske situasjonen kjøper laget kun inn 1 trombone foreløpig.

3. Invitasjon til samspeldag i Hyllestad og andre seminar
Laget har fått ein invitasjon frå Hyllestad musikklag til samspeldag for musikantar i 6. – 10. Klasse laurdag 24. September. Styret er positive til at musikantane våre deltek og sender invitasjonen vidare ut til foreldre og musikantar i den rette aldersgruppa. Påmeldingsfrist 10. September.
Sidan vi har musikantar heilt ned i 2 klasse tek Arild kontakt med Høyanger skulemusikk og etterlyser seminar for heile skulekorps. (jmf. Munnleg avtale i vår).

4. Julekalender for korpset
Ved kjøp av ferdige julekalendere må ein kjøpe minst 500. Dette er for mange for vårt lag og vi ser på andre moglegheiter for å styrke økonomien i laget. Jorun tek kontakt med Røde Kors og seier at vi gjerne stiller med ”vaskarar” til båtvask på Havyard. Laget klarer ikkje å ta ansvar for ein heil båtvask åleine.

5. Samarbeid med KSUK og ungdomsgruppa sesongen 2011-2012
Ingrid Rødland, Kaja Ullebø, Emily Vik, Therese B. Sleire og Liv N. Heggenes har takka ja til å være med på eit musikkprosjekt i ungdomsgruppa denne sesongen. Målet med samarbeidet er å behalde ungdommane i skulekorpset gjennom å lage ei større ungdomsgruppe og heve nivået på reportuaret.

6. Ymse
Årsmøte vert halde i januar i samsvar med nye forskrifter for laget.
Jorun sender ut ein øvingsplan for hausten 2011 der alle foreldra er sett om med ein ansvarsdag som vert sendt ut snarast.
Ein har då ansvar for å:
være med å rydde på plass stolar, slagverk og notestativ.
halde ro og orden på øvingane
servering av litt drikke og noko lite å bite i på øvinga.
Foreldremøte 27. Oktober kl. 19.30 – 20.30 med følgjande saker:
1. Økonomien i laget – forslag til korleis vi kan auke inntektene
2. Evaluering av musikkstemne
3. Litt om skulekorpset denne sesongen (instrument, samansetnad og nivå)
4. Ny tur til våren? Ønskjer?
5. Innsamling av gamle uniformer
6. Påminning om grasrotandelen pr. 1. Mai 20 medlemmer og 1614,- i inntekt.
Lillian sender ut krav om medlemsavgift for musikantane i haust.
Vadheimsdagane – Kari Mette lufta ideen om at skulemusikken kan stå ansvarleg for eit arrangement som vi kallar ”Vadheimsdagane” hausten 2012. Styret synest dette var ein spenstig ide og Kari Mette legg saka fram under forslag til inntekter under foreldremøte i oktober.

Vadheim 5. September 2011
Jorun Systad
Leiar





Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk