Gå til hovedinnhold

17. mai 2012


             
No er det klart for 17. Mai!  Dette er den viktigaste dagen for musikken. Dessverre er eg bortreist på den store dagen. Vi har ikkje fått nokon til å slå stortromma. Dette er ein jobb for ungdom/vaksne. Tromma veg over 20kg.  Håper nokon er sporty og tek jobben!!

Det er sett opp følgjande marsjar som ligg klart i mappa:
1.     Napoleons marsj
2.     Red Rock March
3.     Promotion
4.     Go ahead March
5.     Ja vi elsker –  dei eldste musikantane

Er det nokon som enno ikkje har sjekka at  uniforma passar, at noteklyper er tilpassa instrumentet (desse er bøyelige!), og at notane er sett inn i marsjheftet i riktig rekkefølgje? Då er det sjølvbetjening på musikkloftet. Send ein e-post om kva som mangla. 

Hugs å feste noteklypa med ekstra strikkar og tørke av instrument og notar etter bruk!

Oppmøte på 17. mai i hovudtoget i uniform  ved minnesteinen. Vi skal kun spele i dette toget.

Oppstilling -  Jason er dirigent for dagen.
Amalia (dusk) Arne(fane) Katrine(dusk)
Thea –       Annika – Mariell –    Liv
Linn –        Helene –    Hilde –       Ida
Marcell –   Christine – Alexander – Dirigent
Kristin -     Stortromme

Etter 17. Mai vert det felles øvingar med Kyrkjebø. Første øving vert på Kyrkjebø 22. Mai. Foreldre er sjølv ansvarleg for å bringe barna til øvingane.  Det kjem e-post om organiseringa av øvingane seinare.

Lukke til!

Jorun
Leiar 

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk