Gå til hovedinnhold

Nyheitsbrev frå Vadheim skulemusikk 2013

No er korpsåret starta for fullt!

Hausten 2012
Tusen takk for ein flott musikkhaust!  Amalia og Katrine har no forlatt aspirantane sine rekker for godt og er begynt i korpset.Vi fekk ingen nye aspirantar i haust, og vart difor ekstra glade då Natalie Rolland fekk kornett og plass i kulturskulen no i januar. Vi har plass til fleire aspirantar.  Vi takkar og Helene Heggenes som slutta i korpset no til jul.
16 musikantar var samla heime hjå Jorun på Hovland til julekos! Vi laga alt frå øyredobbar til juletrepynt, drakk gløgg, kakao og kosa oss.
Det var veldig kjekt å vise ungane kulturprisen for 2012 denne kvelden! Ein kulturpris for god korpsånd!!  Vi har hatt ein travel haust med tunellopning og konsertar.  Det musikalske nivået på korpset stig stadig – kanskje det vert konkurranse til hausten?
Kontingent
Vi har ikkje sendt ut kontingent for hausten 2012. Denne kjem no i februar.  Satsane er uendra denne sesongen. 400 pr. halvår for eit barn, 350,- pr. barn ved fleire medlemmar frå same familie.
Årsmøte 28. Februar
Årsmøtet er flytta til etter vinterferien i år grunna UKM og arrangement på Vadheim skule.
Saker til årsmøte må være styre i hende innan 14. februar. Det har hengt oppslag om årsmøte på nærbutikkane.
Basar 3. MarsVi har slete litt med å få ut bøkene – men dei vil være på plass på butikkane denne veka.  Basaren er ein av dei viktigaste inntektskildane til skulemusikken, og vi satsar på godt oppmøte!
Endringar i øvingstider i februar7. februar var øvinga kun ein time grunna eit møte i Høyanger for alle korpsa i kommunen.
14. februar og 21. februar vert det ikkje øving grunna arrangement og ferie.  Truleg treng vi ei ekstra øving før basaren – melding om dette seinare.

Vadheim 3. februar
Styret i Vadheim skulemusikk
Jorun Systad, Kari Vik, Arild Ullebø, Astrid Solheim, Jason Burn og Ingunn Fosse(vara)

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk