Gå til hovedinnhold

TID FOR BASAR!

Vi har høg aktivitet og treng inntekter til aktivitet, dirigent og enkeltøvingar i kulturskulen.
Basar 3. mars kl. 16.00. Alle har vi travle kvardagar – men vi håper på at alle foreldre og musikantar kan være med å bidra.

Loddsalet er godt i gang men vi treng ei runde på husa!
(dei yngste treng eldre hjelparar eller foreldre)
Linn og Ida - byggefeltet og Skår
Annika og Christine - Vaimsdalen frå brua til skulen
Mariell, Katrine og Emily – Kråkevika og Ståret, Lialandet
Einar, Marcell og Alex og – Øyrane til Sanden
Thea og Hilde – Kikken, Øvre og nedre Hovland

Gevinstar til åresalet – Kvar musikant/aspirant tek med seg 5 gevinstar. (Ta kontakt om de ikkje klarer å skaffe gevinstar.) Mange gevinstar er allereie på plass på loftet!
Eg går ei runde i Høyanger denne veka.

Uniform – alle må sjekke uniformen før basaren!
Noterte litt ”ruskete” og til dels trange uniformar på tunnell-opninga!

Alle foreldre tek med ei kake på basaren.

Vi har sett opp følgjande arbeidsfordeling på basaren:

Innkjøp: Astrid
Klargjering laurdag kl. 16.00: Arvid(lyd), Jorun Lillian, Astrid, Arild og Kari.
Kjøkkenteneste: Astrid, Sharon, Britt og Arild
Basarbok: Heidi
Åresal: Jorun(lesar/konfransier), Mette, Leif Arne, Hallgeir, Agnethe, Arvid, Lillian
Oppvask/Rydding: Her må vi alle foreldre til å være med å ta i eit tak!
Kan du ikkje delta – gje beskjed!

Den musikalske biten av konserten tek Sjoerd seg av. Det vert ekstra øving før basaren. Det vert oppmøte søndag 14:30 for ei siste finpussing!


Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk