Gå til hovedinnhold

17. mai og sommarkurs

Vi gler oss over at det ser ut til å bli opphaldsvær fredag på Nasjonaldagen vår.
Siste øving vert torsdag 16. mai kl. 17.30  - 19.15.
Då vert det masjering, is og siste finpuss før den store nasjonaldagen.
 
Dette må sjekkast før den store dagen:
Svarte sko til uniformen
  • Uniformshatt som sit på hovudet når ein går..
  • Notar sett i rekkefølgje (sjå lapp frå Sjoerd)
  • Skrue (event. strikkar som held noteklypa og marsjhefte på plass!)
  • Blide fjes!

  • Vi er og på jakt etter nokon som kan slå stortromme for oss i toget!
    Håpar nokon kan ta 1 time dugnad i marsjtakt for oss denne dagen:)

    No er det tid for påmelding til Sommarkurs for musikantar på Eid - "Blås i ferien"
    Mange musikantar ynskjer å delta i år, og av økonomiske årsaker dekker korpset halve deltakaravgifta.

    Gult kurs - for dei som skal begynne i 5. og 6. klasse. 27. - 30. juni på Nordfjordeid. Eigenandel: 1500,-

    Rødt kurs - for dei som skal begynne i 7. og 8. klasse. 1. - 6. juli på Nordfjordeid. Eigenandel 2175,-
     
    "Musikkveka i Eid" - Fra 9. klasse og oppover. Nordfjordeid. 7. - 13. juli på Nordfjordeid.
                                          Eigenandel 2500,-

    Påmelding til Jorun Systad innan 15. mai.  Korpsleiar må sende samla påmelding. Alle prisar inkluderar måltider, overnatting og dyktige instruktørar.
      

    Kommentarer

    Styret i Vadheim skulemusikk

    Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

    Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

    Populære innlegg fra denne bloggen

    Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

    Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

    Kom bli med!

    Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

    Basar 2018

    Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

    Vadheim Skulemusikk