Gå til hovedinnhold

Sangen og Musikkens dag 15. juni og overnatting 14. juni i Høyanger

I samband med Sangens og Musikkens dag i Høyanger laurdag den 15.juni vert det to fellesøvingar med Kyrkjebø Skule- og Ungdomskorps, Vadheim Musikklag og Vadheim Skulemusikk.
Alle dei 3 korpsa har felles notar når vi masjerer saman:
  • Gammel Jegermarsj
  • Dixiland Strut
  • Promotion
  • The Red Rock March
  • Uranus
Etter oppmarsjen skal alle korpsa spele kvar sine nummer utanfor Høyanger Sjukeheim.
Program for dette vert utdelt av Sjoerd.
For å få til ei feiande flott forestilling treng vi øving! Har vi "solistar" frå korpset som har meldt seg til å opptre denne dagen?
Første øving vert tirsdag 11.juni kl 18.00  på Kyrkjebø skule,her blir og drillen med.

Andre øving vert torsdag 13.juni kl 17.30 i Vadheim. Det vert kjekt å vise folk på Kyrkjebø og Vadheim eit stort felleskorps! Her vert det mange nye sangar for dei aller minste - men vi satsar med friskt mot! 

Styret i skulemusikken har planlagt ei overnatting i Høyanger Bibliotek frå 14. til 15. juni. Det vert overnatting på golvet inne i biblioteket. Vi treng min. 3 foreldre som kan overnatte saman med korpset og 2 som kan være med å lage frokost dagen etterpå.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk