Gå til hovedinnhold

Juleprogram 2014


No er advent her, og vi gleder oss til julespeling og julekos!! 

6. desember – Opning av julemarknad kl. 11.00 – 11.30
Denne dagen er det julemarknad i kjellaren på doktorhuset. Skulemusikken skal være med å opne arrangementet. Her held det med ei Nisselue og litt ekstra fregner for dei som likar litt pynt. Vi spelar julesangar frå julehefte.

8. desember – Julekonsert i Vadheim bedehus kl. 19.00
Her deltek musikantar og  aspirantar og spelar 2  - 3 julesan
gar .
Solistar til ”julesang” saman med Vadheim musikklag
(solistane møter på øving 3. dsember med musikklaget.)
Oppmøte kl. 18.00 i orange genser og svart bukse.

11. desember – Julekonsert på vadheim skule kl. 18.00 i samarbeid med kulturskulen
Her skal alle musikantar, aspirantar og pianister delta. Sjoerd gjev melding til kvar enkelt om kva dei skal spele
Oppmøte kl. 17.00  i svart bukse og orange genser (viss ikkje anna er avtalt med Sjoerd!) Dei som ikkje har gensar får det utdelt på konserten (aspirantar) Alle tek med ei lita gåve til eit julelotteri og kvar familie har med ei kake/julekaker.

19. desember – Julekonsert for kulturskulen i Høyanger kyrkje
Dette er ein konsert for alle elevane som går i Høyanger kulturskule. Ein treng ikkje korpsgensar eller uniform. Den enkelte elev har fått beskjed av Sjoerd kva dei skal spele på konserten og kven som skal delta.

Julekos hjå Jorun er ikkje fastsett enno sidan så mange musikantar skal på juleball. Eg har i mange år invitert alle musikanter, aspiranter og styre til julekos heime hjå oss. Vi har ikkje plass til alle rundt same bord, men prøver å fordele oss litt rundt omkring!! Vi har quiz, julepynt, kaffi, gløgg og julekaker!!

Så tek vi ein laaang juleferie til andre torsdagen i  2014!!!

Jorun Systad   - leiar

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk