Gå til hovedinnhold

Vadheim skulemusikk 2017


Vadheim skulemusikk har hatt sitt årsmøte og vi har lyst å fortelje om kva vi har vore med på i 2017. Året vi har lagt bak oss har vore travelt, men også lærerikt og veldig sosialt. 
Kvar torsdag møtest vi til øving på skulen frå kl 18.00 til 20.00.
Korpset har 10 aktive musikantar, og i 2017 hadde vi faktisk 13 aspirantar innom som fekk prøve seg på å lære å spele kornet. Dessverre mista vi tre aspirantar dette året, men heldigvis har vi allereie fått nye. Aspirantane får hos oss tidleg vere med på konsertar, for fleire var vår basar i februar første gang dei fekk vise seg. Utover året har dei også vore med på fleire konsertar. I 2017 var korpset med på til saman sju konsertar i bygda. 17.mai stilte alle opp og marsjerte stolt saman med i bygda sitt tradisjonelle 17.mai-tog. For nokre av musikantane våre var dette siste gongen dei spelte aktivt i korpset, for andre var det første gangen dei fekk oppleve å gå i uniform og henge med i marsjfarten. 
Før vi tok sommarferie klarte vi å overraske 50-åringen og evig korpsentusiast Jorun Systad med æresdiplom under vår minikonsert på Vaimamarknaden. Dette fekk ho for imponerande innsats over fleire år, både i styret og som aktiv musikant i korpset. Vadheim skulemusikk hadde ikkje eksistert i dag utan Jorun sitt engasjement og kjærleik til musikalsk aktivitet for barn og unge i bygda! Sjølvsagt måtte vi markere dette, og vi er veldig glad for at Jorun er like aktiv enno.
I 2017 hadde vi fleire dugnader enn tidlegare. Vi har plukka boss, samla inn tomflasker, arrangert Halloween-party og vår eigen julekonsert i samarbeid med Sogn hotel. Men dei to største inntektskjeldene våre er heilt klart vår eigen basar og inntekter frå Vaimamarknaden, som vi arrangerte saman med Vadheim Musikklag. Vi er svært glade for at vi har stor støtte i bygda og vi vil gjerne få rette ein stor takk til alle som stiller opp for oss, både publikum og arrangørar som treng eit sjarmerande og engasjerande musikkinnslag er viktige for oss!
Vadheim skulemusikk er eit korps sett saman av musikantar og aspirantar frå 8 år til dei eldste som i 2018 vert 17 år! Vi er svært glade for at dei eldste i korpset veke etter veke møter opp og sørger for vakre tonar og herleg klang. Gamle musikantar fann vegen tilbake til øvingane våre i haust, og nye aspirantar har kome i løpet av hausten. Alle bidreg til at vi er ein fantastisk flott gjeng som løfter kvarandre og gir kvarandre inspirasjon og motivasjon til å vere med vidare. Aspirantane held oss alltid vakne med livlige rytmer og jakta på den rette tonen, som ikkje er enkelt for ein stakkars som synest det er vanskeleg å sitte i ro til melodien er heilt ferdig.
Om 2017 vart eit aktivt år, så ser det ut som at 2018 kan verte eit vel så innhaldsrikt korpsår for oss. I vinterferien reiser vi på korpstur til Albir i Spania. Vi gler oss heilt enormt til å kjenne på sol og litt varmare temperatur enn vi har her heime. Men aller mest gler vi oss til å få reise i lag og vere saman både liten og stor, og vise oss fram under våre tre konsertar i området. Og når vi kjem heim, har vi oppdrag som ventar på oss. Håpar du er med oss også i Norges Musikkorps Forbund sitt jubileumsår i år. Dei 100 aktive åra vert feira med mange arrangement landet rundt i Musikkorpsenes år 2018!
Tilskot og gåver i 2017:
I 2017 søkte vi og fekk tildelt kr 20.000 frå Sparebankstiftinga til vår korpstur i 2018.
I tillegg vart vi også gledeleg overraska med kr 5.000 i gåve frå Vadheim Pensjonistlag. Kommunen deler årleg ut kulturmidlar og i 2017 fekk vi tildelt kr 15.500.
Vi takkar stort og hjarteleg for desse bidraga!!
Styreleiar 3.februar 2018

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk