Gå til hovedinnhold

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021


Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule

1. Konstituering:

a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk

b. Godkjenning av innkalling
  Vedtak: Godkjent utan merknader

c. Godkjenning av dagsorden/saksliste
Vedtak: Godkjent utan merknader

d. Val av møteleiing
Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar

e. Val av referent
Vedtak: Jorun Systad valt som referent

f. Val av protokollunderskrivere
Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik

2. Godkjenning av årsmelding
Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede.
Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent.

3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap
Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet.
Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert.
Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden
Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekneskapet for 2021.
              Rekneskapen er godkjent.           

4. Sak fremja av korpstyret:
Korleis skal Vadheim skulemusikk driftast framover?
Reduksjon i musikantar og aspirantar gjer at ein må vurdere framtida til korpset.
Vadheim skule og kulturskulen er positive til korps i skulen.
Vedtak:
Vadheim skule kan disponere instrumenta til skulemusikken. Leiar tek kontakt med skulen for å be om at skulen og kulturskulen vurderer «korps i skulen» -løysing.
Vi opprettheld Vadheim skulemusikk som lag.

5. Sak fremja av korpsstyret:
Vaimamarknad 2021 – skal vi være medarrangør?
Med avstand og smittevern er det mogleg å gjennomføre eit arrangement på dagtid.
Vi har sett på 19. juni som mogleg dato.
I juni skal eldre og personar i risikogruppe være vaksinert.
Bork arrangerer truleg fest på kveldstid.
Vedtak: Vi er medarrangør på arrangement på dagtid.

6. Plan og budsjett, herunder medlemskontingent
Heandlingsplan vart lagt fram på årsmøte som årsplan for 2021.
Gunn Karin Fureli la fram budsjett.
Vedtak:
Det vert ikkje arrangert ordinær basar i 2022.
Handlingsplan for 2021-2022 vart godkjent.
Budsjettforslaget vart godkjent.
Uendra kontigent for 2021.

7. Val
Valnemda var ikkje tilstades på møtet.
Det vart gjort følgjande val:
Leiar  - Heidi Beinnes – ikkje på val (1 år)
Sekretær – Jorun Systad – på val (1 år)
Kasserar – ikkje på val (1 år)
Styremedlem – Agnethe Smelvær (1 år)

1. vara  - Thea Ljotebø (1 år)

Revisor: Per Morten Frivik / Inger Anette Vik Olsen(1 år)

Valnemd:
Leif Arne Fureli – 1 år
Arild Ullebø – 1 år

Tillitsvalt for korpsmedlemmane – vert tatt opp på neste øving.

 

Møtet vart avslutta 20.30

Vadheim 4. mars 2021

Jorun Systad   
Referent

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk