Gå til hovedinnhold

Søknad om støtte til barne- og ungdomsføremål

Høyanger Ungdomsråd, Tenesteområde oppvekst, boks 159,6991 Høyanger. Vadheim 1. april. 2009


Vadheim skulemusikk søker med dette Høyanger Ungdomsråd om kr. 5.000,- til sosiale tiltak i Vadheim skulemusikk. Skulemusikken i Vadheim er eit korps i vekst har dei siste åra gått frå 7 til over 20 musikantar og aspirantar. VI har barn og unge i alderen 7 til 15 år i korpset.
Vi søker med dette støtte til å lage ei seminarhelg for skulemusikken tidleg på skuleåret 2009. Vi ynskjer å lage ei helg som ikkje berre inneheld korpsmusikk, men og andre kurs og aktivitetar som kan gjere skulemusikken attraktiv for barn og unge i bygda. Det kan være nett-publisering, baking, sang, hest og andre aktivitetar. Vi ynskjer og at seminaret skal være eit tilbod til andre korps i kommunen for å auke rekrutteringa til korps i Høyanger kommune.


Jorun SystadLeiar i Vadheim skulemusikk.

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk