Gå til hovedinnhold

Kjøp av dirigent-timar 2009/10

Til
Høyanger kommune
V/Kulturskulen


Vi takkar for godt samarbeid i året som har gått. Vadheim skulemusikk har svært gode erfaringar med Sjoerd Tolsma som dirigent, og håpar vi får behalde han og i 2009/2010.
Sjoerd har erfaring og kunnskap om messinginstrument, noko som vi ser som ein forutsetnad for å dirigere skulekorpset. Han har og god erfaring med musikkopplæring av unge elevar.

Sidan vi er eit lite korps, vil vi og i året som kjem søke meir samarbeid med andre korps i kommunen. Vi ynskjer å behalde torsdag som øvingsdag sidan det har vist seg å være mest praktisk for musikantane.

Vi ser at Kyrkjebø skule- og ungdomskorps har svært god erfaring med eit aspirant-gruppe og ei ungdoms-gruppe. Vi har ikkje tilgang til liknande lærekrefter, men ynskjer oss ei todelt musikkøving der aspirantane deltek på halve musikkøvinga.

Korpset skal til helga på korpstur saman med Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og Høyanger skulekorps, og har i vår hatt 5 fellesøvingar med dei andre korpsa. Dette krev ein god del meir organisering av øvingane/køyring, men har gitt positive utslag i musikantane har ”strekt” seg etter det andre korpset musikalsk.


Vadheim 27. juni 2009
Jorun SystadLeiar

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og samarbeid med Høyanger skulemusikk.

Hei alle. Her er øvingsplan fram mot konserten vi skal ha ilag med skulemusikken i Høyanger: 26.2  Øving på Samfunnshuset Høyanger kl.15:00-18:30 5.3 Øving i Aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 7/8.3 Seminar, klokkeslett og plan kjem seinare. 12.3 Øving i aulaen Høyanger skule. Kl.15:00-18:30 17.3 Mini generalprøve, spele gjennom alle stykka, på Samfunnshuset kl 18:00-21:00 19.3 Generalprøve / lydjustering, Samfunnshuset, kjem tilbake med klokkeslett. 20/21.3 Konsertar, kl. 18:00 begge kveldar. Dette er jo øvinger litt tidlig på dag ift kjøring, men det går ein buss Vadheim-Høyanger kl.14.30. Men ungane må hentast der inne når øvinga er ferdig. Noken viktige punkt: Eg (Agnethe) treng å vite om det er nokon som IKKJE blir med innover no på torsdag. (hvis eg ikkje høyrer noko, tar eg utganspunkt i at d...

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Vadheim Skulemusikk