Gå til hovedinnhold

Årsmelding for 2008-2009

Korpset har i perioden hatt fylgjande samansetning:
Musikantar Start år:
Guro Systad Rødland (2002)
Liv Norevik Heggenes (2002)

Kaja Ullebø (2004)
Emily Vik (2004)
Talia Indrebø Mellebye (2006)

Kristin Løbø Solhaug (2006)

Ingrid Systad Rødland (2006)
Henrik Klævold Heggenes (2006)
Annika Beinnes (2007)
Therese Sleire Birkås (2007)
Martine Ullebø (2007)
Aspirantar:
Ola Ullebø (2007)
Helene Klævold Heggenes (2007)
Hanne Sleire Sandvik (2008)
Marita Ullebø (2008)
Aleksander Solheim (2008)
Mariell Solheim (2008)
Ida Marie Solheim (2008)
Mariell Vik Fureli (2008)
Einar Systad Rødland (2008)
Thea Grymyr Ljotebø (2008)
Aleksander Burns (2008)
Lars Norevik Heggenes (2008)


Dirigent: Sjoerd Tolsma

Styret i Vadheim skulemusikk:
Leiar Jorun Systad
Nestleiar Leif Arne Fureli
Kasserar Randi Norevik
Sekretær Heidi Beinnes
Styremdl/Matr: Astrid Solheim
Vara Arild Ullebø
Revisor: Oddhild Løbø, Per Morten Frivik
Valkomité Ingunn Indrebø og Liv Hilde Klævold


Aktivitetar:
Musikkøvingane har i perioden vore kvar torsdag frå kl. 17.30 – 19.00. Korpset har i denne perioden tatt eit steg vidare i utviklinga. Repertoaret har vorte meir variert og med større vanskelegheitsgrad.
Korpset har hatt svært god nytte av samarbeidet med Kyrkjebø Skule- og ungdomskorps og Høyanger skulemusikk. Musikantane har fått nye venner i dei andre korpsa og spele i eit storkorps på med over 60 musikantar. 21 av 23 musikantane hadde enkeltøvingar i Høyanger kulturskule.
Korpset fekk i 2008 10 nye aspirantar og 3 musikantar slutta i korpset.

Korpshausten kom skikkeleg i gang på Kyrkjebø 17. – 18. Oktober. Då starta vi sesongen med seminar på Kyrkjebø skule saman med korpsa på Kyrkjebø og i Høyanger. Det var gjensynsglede for dei musikantane som hadde vore saman i Ålesund, og ei spennande oppleving for dei som hadde starta i korpset ein månad tidligare.

Korpset starta julefeiringa med førjulskonsert, kaffi og loddsal på Vadheim skule 4. desember der vi hadde ei triveleg kveldsstund med julesongar og Mummi med sang! Skikkeleg julestemning! 15. desember spelte vi julesongar på Julekonsert i Vadheim bedehus saman med Vadheim musikklag. 3 musikantar var solistar saman med Vadheim musikklag. Då fekk bygda endeleg høyre kva vi hadde jobba med i året som gjekk.

Rett etter jul starta vi planlegging av basaren som vart halde på Vadheim skule 8. februar. Då vart det og slutt på aspiranttida for fleire av dei musikantane som byrja i 2007. Lørdag 7. februar hadde vi ekstraøving og rydding av lokalet. Basaren var vellukka både musikalsk og økonomisk med ”Plastic pop” og ABBA-låter!

Styret har gjort eit godt arbeid i året som gjekk for å styrke økonomien til korpset. Vi har sendt søknader om midlar til fjern og nær. Talet på musikantar i korpset og aktiviteten har auka stort det siste året. Enkelttimar, korpstur og nye instrument kostar. Foreldre, bedrifter og bygdefolk har støtta godt opp om laget. Det er lagt ned eit betydeleg antall dugnadstimer på båtvask og liknande i året som har gått.

16. april reiste alle korpsa i kommunen saman på Orps-kino i Høyanger. Det var Vadheim skulemusikk som tok initiativ til arrangementet. Høyanger kommune støtta arrangementet med transportmidlar. Over 100 musikantar frå Lavik til Høyanger deltok, og stemninga på Nobel då alle desse skulle ete Pizza var høg!

Før påske var det basar og seminar på Kyrkjebø. Vi hadde seminar saman med Kyrkjebø og Høyanger, og avslutta med basar og konsert. Etter basaren starta vi med planlegging av korpstur. Vi vedtok at vi skulle reise på tur saman med Kyrkjebø Skule- og Ungdomskorps og Høyanger skulekorps, og etter 3 fellesøvingar på Kyrkjebø reiste vi til Voss Musikkfestival 5. – 7. Juni 2009. 95 musikantar og vaksne reiste saman, og hadde ein flott tur til Voss. Dei eldste musikantane hadde laga ein festivalsang – Labbadans som vi vant ein pris for! Premien var ein pakke seigmenn og eit skjerf.

I tillegg spelte korpset i gatene 17. mai til stor glede for alle i Vadheim. I år var det eit stort skulekorps som marsjerte gjennom gatene i Vadheim! 24 musikantar og aspirantar på rekke og rad. På repertoaret stod Fanfaremarsj, Mini March ogRødt og Svart.

Sesongen vart avslutta i samarbeid med Vadheim skule og kulturskulen. Vi hadde i år felles avslutning med grilling og musikk.

Vadheim 18. OktoberJorun Systad

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Jonsokfeiring og opning av nye Esso i Vadheim

Håper at alle musikantar deltek på jonsokfeiringa i morgon med instrument og gode sko! Vi spelar 17. mai -marsjar. Ingen uniformsplikt! Program: kl. 18.00 Tog frå gata til Esso via Kikken med glade musikantar frå bygda vår og brudepar! kl. 18.30 Opning av nye Esso i Vadheim Vadheim Sanitet sel kaffi, mylse og kaker. Gratis is til ungane. Sal av kioskvarer. kl. 20.00 Jonsokbål på gamle Vaimbley Velkommen!

Referat frå Årsmøte 4. mars 2021

Møtet starta kl. 18.30 på Vadheim skule 1. Konstituering: a. Åpning v/leiar Heidi Beinnes og minikonsert med Vadheim Skulemusikk b. Godkjenning av innkalling   Vedtak: Godkjent utan merknader c. Godkjenning av dagsorden/saksliste Vedtak: Godkjent utan merknader d. Val av møteleiing Vedtak: Heidi Beinnes valt som møteleiar e. Val av referent Vedtak: Jorun Systad valt som referent f. Val av protokollunderskrivere Vedtak: Trine Heggenes og Linda Norevik 2. Godkjenning av årsmelding Leiar Heidi Beinnes leste gjennom årsmeldinga som viste stor aktivitet i laget trass i korona og reduksjon i medlemstalet. Laget har hatt fokus på smittevern og musikkglede. Vedtak: Årsmeldinga vart godkjent. 3. Godkjenning av avslutta og revidert regneskap Gunn Karin Fureli la fram rekneskapet. Merknad frå revisor at konto for Vaimamarknaden ikkje er revidert. Kr. 99 987,-står på felles konto med Vadheim musikklag for Vaimamarknaden Vedtak: Konto for Vaimamarknaden må takast med i rekn

Vadheim Skulemusikk