Gå til hovedinnhold

Referat frå Årsmøte i Vadheim skulemusikk 22.oktober 2009

Desse foreldra møtte: Liv Hilde Klævold, Arild Ullebø, Vibeke Birkås, Ingunn Indrebø, Lillian Skaar, Oddhild Løbø, Astrid Grepstad Solheim, Randi Norevik, Leif Arne Fureli, Jorun Systad og Heidi Skaar Beinnes, samt dirigent Sjoerd Tulsma.

Val av møteleiar: Jorun Systad
Val av referent: Heidi Skaar Beinnes

Sak 1.
Gjennomgang av årsmelding som vart godkjend.

Sak 2.
Drøfting av dugnadsaktivitetar, spesielt vasking av båtar ved Havyard i Leirvik. Vaskinga vert oftast delt mellom fleire lag og organisasjonar i bygda, viktig at ein sjølv ber om å få stille for skulemusikken. Under årsmøte kjem ein fram til at ein ønskjer halde fram med dugnad som tidlegare med oppfordring til alle foreldre om å stille på slik dugnad når ein har høve.

Det vert gjort vedtak på at Vadheim skulemusikk skal ha dugnadar der ein oppfordrar alle foreldre til å stille. Ein vurderer det rimeleg at laget kan klare 2 dugnader i skuleåret i tillegg til årleg basar.

Det vert også oppfordra til å registrere sin grasrotandel innan Norsk Tipping på Vadheim skulemusikk.

Sak 3
Rekneskap og budsjett vart godkjendt.
Kontingent vert ikkje endra. Ein betalar no pr halvår kr 400,- for eitt barn, kr 350,- for barn nr 2 og kr 300,- for barn nr 3 innan same familie.

Sak 4.
Val av nytt styre:
Leiar Jorun Systad
Nestleiar Arild Ullebø (ny – vald for 2 år)
Kasserer Lillian Skaar (ny – vald for 2 år)
Sekretær Heidi Skaar Beinnes
Styremedl/Matr. Astrid Grepstad Solheim
Vara Ingunn Fosse
Revisor Oddhild Løbø og Per Morten Frivik
Valkomite Vibeke Birkås


26.10.09
Ref. Heidi Skaar Beinnes

Kommentarer

Styret i Vadheim skulemusikk

Medlemmar i noverande styre: Heidi Skaar Beinnes(leiar), Jorun Systad, , Gunn Karin Fureli, Agnethe Smelvær og Thea Ljotebø (vara).

Medlemmer i det første styret: Eivind Sagen, Ellen Ullebø, Bodil Hovland, Odd Brekke og Axel Heiberg Andersen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Basar 2018

Vadheim skulemusikk arrangerer basar på morsdagen, 11.februar 2018. I år vert basaren på Sogn Hotel i Vadheim, men vi held på tradisjonar som åresal, kafesal og ikkje minst korpskonsert. Vi håpar du kjem og støttar oss, om du ikkje har høve denne dagen, så kjøp gjerne lodd i frå våre loddbøker som ligg på butikkane i bygda. Velkomen! Gratis inngang.

Kom bli med!

Vadheim skulemusikk inviterer elevar frå 2. til 7. klasse ved Vadheim skule til å prøve å spele kornett saman med våre mest erfarne musikantar Thea og Einar. Møt opp på skulen torsdager frå kl. 17.00 - 18.00. Dett er eit gratis og frivillig tilbod til dei som har lyst til å prøve seg som ekte musikant!

Konsert og kunstlotteri

Vadheim og Kyrkjebø skule- og ungdomskorps held konsert på Vadheim skule til inntekt for korpsturen 2010 Torsdag 10. Juni kl. 19.00 Inngangsbillett: kr. 50,- Utloddning av trykket ”Blå kveld” av Jørgen Holen ALLE ER VELKOMMEN!!

Vadheim Skulemusikk